Som de har fengje høyra, har eg altså flytt ned i kjellarstova no. Eit hav i skilnad på dette rommet og mitt gamle! No har eg god plass til både data og piano, og det er vorte riktig heimekoseleg i forhold til den same gamle, triste 70-talstapeten oppe. Men den viktigaste skilnaden er at dette rommet faktisk er eit opphaldsrom. Eg kjem nok ikkje til å vera heilt villeg til å gje det frå meg att når alle er heime...
Skal prøva å tøyla meg.
Men kva er det med rosa skrift på bloggen?
Elles...
Det går gjetord om at kongen er i bygda i dag.
Eg skal gje lyd dersom eg får eit glimt av han.
Dykkar bror i felten.
måndag, juni 20, 2005
Oppdatering.
Lagt inn av
Hallvard
kl.
16:38
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
6 kommentarer:
rosa skrift? kva rosa skrift? Eg har ikkje noko rosa skrift.
Og ja, kjellarleiligheten er vel nesten større enn leiligheten aokan. Det er nesten så ein vert misunneleg.
Hm! Kanskje skrifte e eit turistmaskinfenomen... (Scrabble-ord te tusen...)
Eg får jaffal rosa skrift på namnet mitt. Og på namnet på medlemmene i bloggen.
ikkje rosa i kverneberget heller. og hels kongen!
trur ikkje du treng å gi frå deg rommmet i ferien altså. me unner deg vel det rommet, adle sa. sidan du skal vera heime heile sommaren, og greier. og aml har jo strengt tatt vakse opp på det gule og brune rommet, så det kan bli fin mimring for han å sova der igjen!
ja, da e sant, fø eit år sidan eller to, va eg og AML heima i lag, og han nekta fø at han hadde budd på da gulbrune rommet! Han måtte nøye overtydast med hjelp frå dei eldste.
Hehe, stemme da. Festlig!
Veldig pussig å plutselig få ein bit av fortide si sett på plass igjen, omtrent som dan opplevelsen eg hadde når eg såg meg sjøl som "hyperaktiv" unge på filmen te Bernard...
Håpe berre han ikkje teke kasteball-tilstanden sin tungt.
Mennesket lever i en kastende kastethet, va da ein filosof så sa. Men eg hugse ikkje kem.
Ræv! Eg skreiv dialekt! Orsak, Aasen.
Legg inn en kommentar