måndag, juni 20, 2005

Ein ting til Øystein.

Iallfall er det sannsynlegvis han som er mest interessert i dette.
MEN:
I dag har eg lese andre kapitlet i Hebrearbrevet. Der vert det referert til Salme 8, men sitatet har eit vidt forskjellig innhald enn det opphavlege!
I hebrearbrevet står det noko slikt som: Ei stund gjorde han han lite lågare enn englane...
Men i Salme 8 står det då vitterleg: Han gjorde han lite lågare enn GUD!
Det at Gud og englar ikkje har same autoritet, er jo nettopp det som vert poengtert i fyrste kapitlet av brevet, så dette må jo vera tidenes omsetjingsfeil! Eller er det rett og slett forfattaren av brevet sin versjon av Salmane som er annleis enn vår?
Korleis står dette i King James?

3 kommentarer:

Øystein sa...

King James (KJV) omset det med englane. Men det er ikkje så lett å vita, for på hebraisk står det elohim. Sidan norske omsetjingar omset både elohim, YHWH, osv. med Gud så får ein mange problem.

Men ordet elohim vert som regel nytta om Gud. Det kan samstundes tyda englane. Når Paulus tolkar det som englane, så bør kanskje me og gjera det?

Hallvard sa...

Hm!
Ja, eg vil iallfall tru at eit menneske er ein god del lågare enn Gud...
Kanskje dette er noko av det som vert endra i den nye 2005-omsetjinga som kjem i november!
Forøvrig er det vel lite sannsynleg at Paulus skreiv hebrearbrevet.
Og dagen formeleg svinsar seg forbi... Not. Det har ikkje vore ein turist inne på minst tre timar.

Monika sa...

på bibelskulen lærte dei at det godt kunne henda at paulus hadde skrive hebrearbrvet, eller kanskje barnabas faktisk- jai ikke vite.

men kan elohim tyda englar altså? e du sikker på detta øyla? høyrtes snodig ut...men jaja-

englane e tenande ånder fø oss menneska. og dei e lågare i rang enn oss, etter det eg har lært.