måndag, april 04, 2005

Hallvards blog?

Lidingsomnen

Nok ein kubbe vert kasta i lidingsomnen, nok ein gong av Hallvard. No ER det eit faktum at Monika stadig ikkje har fått seg internett, men ærleg tala. Held dette på å utvikla seg til Hallvards blog?

Nett no er eg heimatt-frå-Sandnes-komen, og sit og utsetjer ein engelskprøve på datarommet. Ganske kjekt. Eg kjenner meg OPPRØRSK.

Framnes oppfører seg elles meir eller mindre normalt, i dag kom faktisk vårregnet! Dette er eit fenomen eg syns er kjekt, for når det er sol og alle er våryre, vert eg ofte berre litt meir tilbakelent. Men når regnet kjem, og alle roar seg litt meir ned, då er det kjekt å leva! Litt moro å vera motstraums, og eg veit Øystein har noko av det same. Tenk om begge desse eigenskapane kjem frå farfar, som og vart glad i regnvêr?

Forventingsfullt sendt.

1 kommentarer:

Hallvard sa...

Snakka med ho i telefonen på måndag. Då sa ho at ho hadde fått seg modem, men hadde ikkje vå så masse innpå Lidingsomnen. Diskusjonen om bibelvers hadde visst gått litt øve alle haugar...
Men, men. Me får finna fram peispustaren.