Lidingsomnen
I dag har eg teke ei oppklårande vandring inn i husbloggen si verd i april, lese om Mads sine dårlege eigenskapar innan frisørtimebestilling, at Jorunn sannsynlegvis likar pengar betre enn bilete av naboane, at Hanna drikk Liverpool-øl og at Kenneth er kabalkongen. Hanna har dessutan ymse andre bloggar som ho tydelegvis oppdaterer ofte, og det var fleire linkar på sida som eg ikkje ein gong gjekk inn på.
Eg er vorten imponert.
Kva har så me Lid-folk å skryta av? "Det lille familiekompaniet" må eg innrømma er ein godt vellukka blog, men "Lidingsomnen?"
"Lidingsomnen" er så langt ein vits. Riktignok har me unnskuldinga at Monika enno ikkje har fengje internett-tilkoplinga til å verka i lag med den svikefulle maskina ho eig i Førde. Men likevel?
Ingen bilete, ingen filmar, få kommentarar på andre sine innlegg. I april har me, dette inkludert, NI innlegg. Og kvar er Alf Magne i bloggarverda?
Med dette oppfordrar eg til å skriva flittigare, om alt som opptek ein, i omnens opprinnelege ånd. Dersom eg ikkje går framføre med eit godt døme, kan de herifrå kalla meg ein krakk.
(Iallfall skal eg læra meg å leggja inn bilete på blogg.)
fredag, april 29, 2005
I dag
Lagt inn av
Hallvard
kl.
14:34
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Trist, men sant. Problemet mitt trefaldig.
1. Det er berre eg, Hallvard og Monika som les bloggen.
2. Monika likar ikkje når me skriv om ting som interesserer berre meg og deg. Eg kjenner meg dermd avgrensa. Og det av den eine lesaren som fins utanom oss to.
3. Travelleiken gjer at ein blogg er meir enn nok, for min eigen del.
Imøteser framlegg for å betra situasjonen med takk.
Godt oppsummert. Mine svar er som fylgjer:
1. Dette er sant, men treng ikkje tyda noko for kvaliteten så lenge me har det moro i lag.
2. Det at Monika ikkje likar våre interne innlegg, kan og sjåast bort ifrå, etter mi meining. Når ho kjem skikkeleg i gang, kan ho skriva om det som opptek henne, eg om det som opptek meg og du like eins. For alt me veit, kan jo nokon av oss koma til å laga interne innlegg med Monikjo og. Ein god blogg bør kunna dekkja fleire emne på ei tid.
3. Er du for travel, kan eg gjerne skriva om ting som opptek meg åleine, eg... Så kan dei travle i familien stikka innom og henta seg inn att når det passar.
Legg inn en kommentar