onsdag, april 06, 2005

Tyskar-angst!

Lidingsomnen

Overskrifta tyder ikkje eg har angst som ein tyskar, alle tyskarar har slik angst, eller noko liknande. Men i tolv-tida i kveld kjem det ein heil bønsj med tyskarar frå Freie Christliche Schule Darmstadt på vitjing til vår ringe heim, som er ein skule: Framnes.
(For å få lesa det allusjonen siktar til: www.framnes.vgs.no)

Og her er me klare og skal gjera opphaldet kjekt for heile gjengen, med ALT det som er å gjera i Noreg og Norheimsund... I mars... Hmm...
For ikkje å snakka om at me skal ta dei med heim i helga. Tja, kva er det eg pleier å gjera på Lofthus ei gjennomsnittleg heimehelg? Skal me sjå... slappa av litt... sjå litt på TV, ta den vanlege runden på internett, stikka ned til Olav A ein tur, når eg får lyst... Men no er det andre bollar. Under besøket skal me finna noko å gjera på heile tida, så det kan jo verta moro. Ser for meg samtalen:

"Kanskje me skal... sjå litt på TV? På.. norsk. Eller... spela litt Scrabble! Med... norske bokstavar. Eller... KOKKELIMONKE! Øhm..."
Gode råd vert mottekne med takk.

(Eigentleg er denne teksten svært sarkastisk og overdrivande. Det vert nok kjekt å få eit gjengjeldsbesøk frå dei som me budde hjå i vinterferien.)

1 kommentarer:

Øystein sa...

hmmm. kva med fjelltur og go-cart i Kinsarvik?