Lidingsomnen
Ei veke metta på hendingar nærmar seg brutalt slutten. Denne veka har eg brukt mykje av tida på å underhalda tyskarar, kommunisera på eit anna språk enn det eg er vane med, og skjerpa hjernen på å læra av eit anna land.
I dag har Matthias, min tyskar, bursdag, så me feira han rett etter midnatt i går kveld. Sidan han fylte 18, fann eg det passande å gje han ei flaske Munkholm, ein "norsk spesialitet". Han syntest ikkje det var så veldig godt, men veldig moro å overrekkja! Elles har han det nok ikkje så überkult NO, når han må feira bursdag i eit fly...
I heile ettermiddag i går spelte me fotball og volleyball så lenge at eg heilt gløymte at eg hadde utsatt torsdagssamtalen med Mi-mor til fredag halv 6. Men då eg endeleg fekk gjennomført samtalen, ti over halv 8, måtte eg halda røyret med 9 fingrar. Eit volleyballslag vart teke litt skeivt, så i skrivande stund sit eg med venstre ringfinger og vetlefinger teipa saman. Dette fører til at eg med jamne mellomrom treffer Caps lock i staden for shift. Ei ny oppleving! Men klaga kan eg ikkje, for dette er såvidt eg kan hugsa det ANDRE eg har forstua på 18 år... (I gjennomsnitt 1 forstuing på 9 år.)
Elles har eg i dag vore på mi andre bykøyring til Bergen, noko som ikkje gjekk FOR fabelaktig. Men eg satsar på å skjerpa meg til oppkøyring. Sjølv om nokre bøner ikkje hadde vore fullstendig malplasserte... :)
laurdag, april 16, 2005
Nytt frå fronten.
Lagt inn av
Hallvard
kl.
15:32
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar