Lidingsomnen
Lova han med klang av basun, lova han med harpe og sitar!
Dette kan sjåast på som ein kommentar til Øystein sitt innlegg om å finna lukka i livet. Lukke, humør, kor mykje det vert styrt av ytre tilstandar og i kor stor grad me kan styra det sjølve, er noko som har oppteke meg meir eller mindre i heile tredje klasse.
Personleg er eg av den typen som likar svært dårleg at veret skal styra kjenslene mine. Difor er dette noko eg ofte motverkar - om hausten legg eg meir vinn på å vera i godt humør i regnvêr og mørke tider enn elles. Det er ikkje alltid eg klarar det, då.
No om våren går det lettare, for vårregn og sommarregn plagar meg slett ikkje. (Les diktet Sumarregn frå Haugtussa, viss interessert.) Men og på dagar som i dag, lagar eg påfunn for å halda humøret på godsida. Difor gjorde eg noko ganske morosamt i dag: Eg hadde jazz-dass!
Medan eg sat på dass, sette eg på kjenningsmelodien til Ukeslutt av Quincy Jones. HØGT. Musikk er til for å høyrast på høgt, har eg funne ut. Dette stemmer med all slags musikk. Og det var svært moro! Prøv dette sjølv! Som Øystein skreiv, er mål i kvardagen viktig. Dei vert nok ikkje alltid like høge, men er likevel mål. Mitt neste mål er å skriva ut "Hestene står i regnet" og henga opp på veggen, inspirert av Øystein og Ingvild sin dass. Eg gler meg!
måndag, april 11, 2005
Salme 150, 3
Lagt inn av
Hallvard
kl.
17:08
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar