laurdag, april 30, 2005

Rejoice!

Lidingsomnen

Som eg nemnte i telefonen, kjære Teofilus, så er eg denne helga med på eit arrangement i Norheimsund ved namn Rejoice. Dette er sett i gang av Origo Ungdomsklubb. For meir info: Origo Ungdomsklubb

Kva er så min kontakt med Origo, tenkjer du kanskje? Jau, det skal eg seia deg: ein overtalande person i idrettsklassen, Gjermund, er andeleg leiar i denne klubben, og fyller mykje av tida si med å få Framnes-folk inn til Norheimsund på Origo-møte med sosialt samver etterpå.

Ein gong var eg faktisk med som songar i eit lovsongsband på eit Origo, og blanda andre og tredje verset på "Navnet Jesus." Men denne gongen har eg fått ei anna stilling òg: Eg er omsetjar!
Noja, så langt har faktisk omsetjarstillinga berre bestått i å kviskra talen på engelsk til to afrikanarar som sat ved sida av meg. Men dersom det kjem fleire, kjem eg til å måtta stå med mikrofon i handa, heilt bak i salen, tilkopla eit eige lydanlegg. I god, gamal Levende Ord-stil...
"We are all God's champions!" "Vi e alle Guds sjampingjongar!"

På møtet i går kom det diverre ingen frå asylmottaket, der dei eg må omsetja for, kjem ifrå. Så Rejoice-kvelden bestod berre i å forsøka å fylgja med på andakten, (ein får faktisk meir med seg av andakten når ein må gjengje han medan han pågår,) og å nyta ein konsert i litt jazz, D-sound-stil av ei kristen gruppe kalla Light Green Circus. Som sikkert ingen har høyrt om. Men tøffe var dei.

Diverre gløymde eg og kameraet sist. I dag skal eg derimot ta det med, så kanskje kjem det fyrste biletet inn i Lidingsomnen snarleg?

0 kommentarer: