torsdag, april 21, 2005

"I krig og kjærlighet"

Lidingsomnen

I desse dagar ventar eg i spaning på ein ny cd som vil verta rost høgt over skyene av underteikna. Har er nemleg noko så sjeldan som det fyrstefødde storprosjektet til ei norskrappande, kristen hip-hopgruppe ved namn Evig Poesi.
Tidlegare har dei berre halde seg til EP-ar og einskilde songar, og dei har to utgjevnader bak seg: EP-ane "Drekka melk" og "Åndelig føde." For å skjøna litt meir av kvifor gruppa kjem så høgt opp på mi rangliste, har eg her teke med litt av tekstane ifrå ein av songane deira:

Åndelig føde.
Hvor mange i Norges undergrunn
lever kun fra hånd til munn?
Vi lever fra ånd til munn,
og vi har gjort det sånn en stund.
Vil du være sunn, da bør du også være hel
og husk at mennesket består av kropp, ånd og sjel.
Først av sist skal dere få en oppskrift
rett ifra kokeboka mi, det er både sikkert og visst.
Snickers og twist blekner i forhold til det vi lager.
Når sulten gnager, putt vår musikk i deres mager.
(...) Prøv fiskene som eplemost og undergrunn som poteter,
fett som majones eller smør når vi steker
og spiser MC'er som reker, det styrker som spinat
Arne Brimi, se og fløtt deg for Dyp Tanke og Petter Smart
og fôr din sjel med mat. Vi har rim i klaser som rips,
skru lyden opp 300 grader og saken er biff.

For her er mat for din sjel
uten ingredienser som vann, gjær, salt og mel
men med rim som sprenger grenser fra start.
Alt er klappet og klart,
så please, kom og spis
hos kokkene som rocker det på Evig Poesis vis.


Gav dette meirsmak, er det fleire geniale rim å lytta til på sida deira, www.evigpoesi.com.
Medlemmene er altså plateryttaren Broder T og rapparane Dyp Tanke og Petter Smart, som har skifta namn til Smart 9000. Dei to sistnemnde kjem frå Tønsberg, og i enkelte av tekstane kan nok dette sjåast, t.d. i den avslappande, melankolske "Hverdagsromantikk." (Denne er òg mogleg å få høyrt på sida.) Grunnen til at eg likar det vesle eg har høyrt av gruppa så godt, er at dei ikkje berre har grensesprengjande tekstar med kriste innhald; dei har og tøffe rytmar, god bakgrunnsmusikk - det er med andre ord begrepet KVALITET som gjennomsyrer songane, alle som ein.

I eit intervju med Smart 9000, (sjå igjen evigpoesi.com,) nemner han at sidan han gav ut siste EP, har han mist trua si. Sjølvsagt kjem dette til å ha innverknad på tekstane, dei vert nok ikkje så klare som før på den nye CD-en. Men den før nemnte kvaliteten finn eg likevel såpass overveldande at eg likevel vil kjøpa den nye CD-en så fort som råd når han kjem i butikkane. Og dette er noko eg ikkje ofte ville ha sagt. Dessutan trekkjer det jo opp at dei to andre medlemmene stadig tek vare på den kristne overbevisninga.

Det siste som har overbevist meg til å få HØG vyrdnad for den komande CD-en, er så klart samandraget av den nye CD-en som ligg lagra på sida, klart til nedlasting. Eg får FRYSNINGAR av enkelte av bakgrunnsmelodiane, og vonar berre eg klarar å spreia engasjementet mitt for denne musikken. Plata var eigentleg venta hausten 2004, så alt eg kan seia, er:
Sprei den gode bodskapen vidare og gjer verda klar for "I krig og kjærlighet," som ligg rett rundt hjørnet!

0 kommentarer: