søndag, april 10, 2005

Å finne lukka i livet

I denne artikkelen i Aftenposten kan ein lesa om korleis ein skal finna lukka i livet. Særleg dei 11
punkta under smilefjeset er av interesse for dette innlegget. Då eg las artikkelen kunne eg ikkje unngå å sjå likskapane med bibelsk livsfilosofi. Så eg skreiv fylgjande epost til Espen Røysamb, dr.psychol., førsteamanuensis:
espen.roysamb@psykologi.uio.no

"Hei, eg kunne ikkje unngå å leggja merke til at råda
Aftenposten refererer med deg som kjelde, minner
mykje om den livsfilosofien ein finn i kristen tru.

Her er dei 10 (11) "boda" frå Aftenposten sett i ljos av
skriftstader i Bibelen (Råd nummer 1 og 8 er vel
i prinsippet det same...).

1. Sett pris på det gode i livet.
- takknemlighetsøvelse.
Jesu bad alltid takkebøn for maten. Sjå t.d. Matt 15,36
og Kol. 3, 15 som oppfordrar til takksemd.

2. Invester tid og energi i venner og familie.
Ordtøka og høgsongen talar om det livgivande sambandet
mellom mann og kone. Vennerelasjonar talar òg
Ordtøka om, elles kan ein peike på det unike sosiale
felleskapet ein finn blant dei fyrste kristne (Apg.), eller
det kjente venskapet mellom David og Jonathan.

3.Lag strategier for å takle stress og problemer
Det viktigste er ikke å aldri snuble, men å reise seg igjen når livet går litt på tverke.
- Peter og hanen, David og Batseba t.d.

4.Praktiser hjelpsomhet og vennlighet
- Jesu ord om at det største i Riket er den som er ein tenar.
- 2Tim 2:24:
"Ein Herrens tenar må ikkje liggja i strid, men vera venleg mot alle,
i stand til å læra andre, villig til å tola vondt."
Jak 2, 15-16
Hjelpsomhet: Disiplane si hjelp til dei fattige, helbredelsen av dei
sjuke, dei kristnes samhald m.m.

5. Legg merke til livets små gleder og gyldne øyeblikk
- GTs overflødighetshorn av naturskildringar er kanskje det
beste dømet her. Eller:
Luk 12:27:
"Sjå på liljene, korleis dei veks! Dei arbeider ikkje, dei spinn ikkje. Men eg seier dykk:
Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei."

6 +7: mål i hverdagen og mening i tilværelsen.
- Kristent liv skapar mål i kvardagen; som er å sjå behov og fylla dei.

8. Sjå punkt 1.

9.Lær tilgivelse. Matteus 18: Jesu likning om "kongen som ville gjera opp
rekneskapen med tenarane".

10. Ta vare på kroppen:
Dette er kanskje kristendommen dårlig på. Eg hugsar ein som i mange år
gjekk frå dør til dør for å fortelje om Jesus (Lat gå at denne Jehovas Vitne-
metoden er tvilsam). Når han vart oppi åra fekk han so ilt i eine armen,
og gjekk til legen. Legen sa at smertene skuldast at han hadde banka på
så mange dører. Men mannen takka Gud for at han hadde ein arm til.
(mannen var kanskje dårlig på punkt 10, men hadde desto større suksess
på punkt 6 og 7.)

11. Ta kloke valg og skap en god hverdag
Ordtøka 11:25: Den som spreier velsigning, skal trivast.
Ordtøka er òg god på generell klokskap.

Dette var no berre mitt syn på å finna lukka i livet!

helsing:

Øystein Lid
Erleveien 38a
5097 Bergen

0 kommentarer: