søndag, mai 15, 2005

Øy!

Lidingsomnen

Eg har ein eigen fascinasjon for øyer, trur eg. Einkvan som kjenner seg att? Frå i går til i dag har me nemleg befunne oss på Kvamsøy. (Den øya som du ser rett uti fjorden. Eg kan sjå rett på henne viss eg ser opp frå dataskjermen i skrivande stund.)

Eg pleier ikkje ta for store ord i min munn om bløminga på Lofthus, til dømes, men dette var ei estetisk oppleving av dei sjeldne. Dei hadde blømande pæretre (trur eg...) som ikkje var slike små, snørr-planter som må vera bundne til kvar sin stokk for å overleva. Dette var gode, gamle, blømande tre.

Dessutan var det ein bonde som budde der, dermed lukta det farmor når ein kom opp bakkane mot garden hans. Rotnande halm i sola og ku-møkk... Underleg at me forbindar desse luktane med noko positivt, men slik er det.. :) Og han hadde geiter! Eg veit ikkje om de hugsar at eg har ytra at eg ville ha meg ei geit når eg vart stor? Ei SLIK geit ville eg hatt! Dei hoppa og spratt rundt om kring, tamme som få, små, snøkvite geiter som ein kunne klappa.
Sola skein og forfriskande bris bles inn ifrå fjorden...

Denne øya er eit sommarparadis av dei sjeldne. Anbefalast!

1 kommentarer:

Monika sa...

hehe. eg hadde mest morro av å sjå for meg minstebroren hoppa rundt saman med geita på ei øy! hadde ei fin oppleving her eg sat!! og så han som stadig syns det er så kjekt å vera negativ..hehe. synd det halla.-