
I dag har eg tatt mange bilder. Vart nøgd med dette Kiaraportrettet. Katten kjem liksom rett mot deg.
Elles har eg idag skrive på eit intervju med Bjørn Are Davidsen, som har skrive "Da Vinci dekodet". Ei lesverdig bok, òg for dei som ikkje har lese "Da Vinci-koden". Eg reknar meg heldigvis ikkje blant dei som har lese dette makkverket. Makk!
Når eg las Davidsens bok fekk eg ein del myter knuste i fillebitar. Eg trudde til denne dag at Darwin vart kristen på dødsleiet.
Andre myter eg har trudd på: At i middelalderen trudde dei jorda var flat. Davidsen skriv:
"I middelalderen var de aller fleste lærde, i og utenfor kirken, skjønt enige om at jorda var en kule. Dette var også pensum ved universitetene."
Andre myter: Kristendommen vart innført med blodig tvang etter år 1000. Dette stemmer heller ikkje. Ei bok som med andre ord kan anbefalast!
onsdag, mai 11, 2005
Myter eg har trudd på.
Lagt inn av
Anonym
kl.
18:08
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentarer:
Olav A ha tenkt å lesa Da Vinci-koden ein gong. Ha du noken handfaste argument eg kan bruka mot da?
Legg inn en kommentar