onsdag, mai 25, 2005

(Borte.)

Ei overskrift som denne har du heilt sikkert sett før.
For er det ikkje utruleg irriterande med folk med breiband som har msn? Og kvar gong ein sjølv loggar seg på, kan ein sjå at dei er pålogga, før ein får auga på det vesle ordet i parentes bak namnet deira: (borte.)

Akkurat som om det er nokon vits! "Her KUNNE eg ha vore, men det er eg ikkje!", liksom. Ei hån frå msn si side! Her tek ein på seg strev og slit og kjempar seg gjennom motvind og regn for å koma ned til eit datarom berre for å få auga på at alle kontaktar som har den grøne fargen, rett og slett er (borte.) Utakk er verda si løn.

0 kommentarer: