måndag, mai 16, 2005

Eg klandrar Majka



Det er ein skam å innrømma det, men her på Lidingsomnen kjenner eg meg fri til å gjere det, eg er avhengig av TV-seriar som tek for seg det overnaturlege!

Og eg er heilt ukritisk. Eg sluker alt. Frå X-files til Angel til Supermann (jadå, både den som gjekk på TV2 før, og den som går på TVNorge no). Og mange eg ikkje hugsar namnet på. Jau! The Other Side, trur eg da va ein som heitte. Og så var da ein liksom-dokumentarserie som gjekk på TV2 før hokse eg, der dei presenterte da mest utruliga som sant. Ein episode hokse eg da va ein mann frå 1600-tallet som plutselig befant seg i vår tid. Ein annan episode var da ei voldsom mørk, ekspanderande søyla som plutselig dukka opp i ein bolig.


Men eg får skulda på oppveksten: Eg klandrar Majka, jenta frå Verdsrommet!


0 kommentarer: