tysdag, mai 10, 2005

Russeknutane når nye høgder.

Lidingsomnen
Denne gongen er det altså ikkje kommunikasjonstrangen som skal til pers, men søvnbehovet. Så langt har eg altså vore oppe i 30 timar og 50 minutt, og allereie verkar det som om klokka sniglar seg fram.
Eg trur eg skjønar litt korleis Hamsun hadde det, då han skreiv "Sult," sjølv om eg ikkje har lese "Sult."

Det ruslar og går. Ein kjenner seg ikkje svolten når ein skal eta, men ein merkar han godt etter som ein nærmar seg eit nytt måltid og ikkje åt nok ved det forrige pga. manglande svoltkjensle.

Datarommet har forøvrig vore stengt i heile dag fram til 5 grunna ein tentamen i andre klasse. Det er befriande å kunna setja seg ned og bruka eit minimum av krefter på å kommunisera. Samtidig som ein ikkje vert trøytt.

Men når natta kjem... Kva skal ein ta seg til? Heroes? Piano?
Hallvard skal nok overvinna søvnen. Iallfall i 18 timar til.

0 kommentarer: