laurdag, mai 07, 2005

Tankar om tankar.

Lidingsomnen
Etter definisjonen burde vel dette i grunnen verta metadiktande tankar, eller noko slikt... Hmm...

Uansett, i dag har eg teke meg ein joggetur rundt Elvadalen.
Det var iallfall meininga eg skulle koma meg rundt Elvadalen, men grunna manglande viljestyrke, kom eg aldri så langt.

Eg jogga til brua og stoppa. Eg tenkte:
"Er det mogleg å ha så dårleg viljestyrke?"
Så eg tok meg ein pustepause og tenkte:
"Kanskje det hjelper på viljestyrken å innbilla seg at ein har ein fyr med pisk i hælane?"
Som ein ork i Ringenes Herre-boka sa: "Where there's a whip, there's a way..."

Så eg sette i gang nedover mot Tveitane, med ein smule paranoide tankar i hovudet, for å få meg sjølv til å springa fortare.
Det hjelpte ikkje.

Og eg tenkte tilbake på tidlegare viljestyrke-prosjekt i livet mitt, der eg liksom skulle tenka ein bestemt tanke for å få opp viljestyrken - det har liksom ikkje hatt den heilt store effekten!

Konklusjon: Viljestyrken ligg bakom tankane.
Det er viljestyrken som styrer tankane, ikkje omvendt.
Tankane er rett og slett produkt av viljestyrken. Viljestyrke er ei kraft, ei drivkraft som får det til å bli handling ut av tankar.

Det er å oppnå denne krafta ein bør streba etter, dersom ein skal verta god å jogga... Og kanskje elles i livet òg?

3 kommentarer:

Øystein sa...

metatankar, rett og slett.

Eit problem med analysen er kanskje det skarpe skiljet du set mellom tankar og viljestyrke. For kva er viljestyrke anna enn tankar? Eit engelsk uttrykk me kjenner til er: Mind over matter, sinnets makt over materien. Men her kunne ein liksågodt sagt viljestyrke.

Viljestyrke kan ein og forenkla til vilje. Det har ofte vore gjort å skilja mellom tankar og vilje. Men begge har vel sit utspring i hjerneaktivitet?

Øystein sa...

Når eg las innlegget andre gongen, vart kommentaren om orken endå morsommare. Tenk å bruka ein ork som mentor!

Hallvard sa...

"Mind over matter
Doesn't matter where you are
We spark up the dark
Like the North Star!"

Denne teksten av Warlocks fekk no ei ny meining.

Nja, eg ville heller sagt at viljestyrken - eller viljen - består av tankar. Ein kan ikkje dra seg sjølv i håret og tenkja "No sluttar eg med dette for å endeleg ta meg saman og føra eit nytt og ordentleg liv!" Det ville ikkje få ein til å faktisk ta seg saman.

Ja, eg er med på tanken om at all vilje er tankar, men vilje må vera djupare, då, i så fall. Tankar som ikkje let seg styra av logiske resonnement. Eller innbilte orkar. :)