Lidingsomnen
Russeknute vart det, men i dag er det eit anna emne som opptek meg. I dag har me nemleg hatt norsk fagdag, og eg har skrive ein lang, resonnerande tekst om fordelane og bakdelane ved ei filmmelding. På bokmål, som eg må seia er ei målform eg meistrar nesten like godt som nynorsk.
Men etter at eg var ferdig med prøven og eg stod i middagskøen, (Det var pannekaker i dag, forresten. Ikkje for katten, men for Mons,) spurde eg ei anna i klassen om korleis det hadde gått med henne. Ho hadde vald den same oppgåva som meg, men ikkje fått til å skriva noko særleg bra, av di ho måtte skriva om eit tema som ho ikkje var engasjert i.
Eg måtte tenkja etter: Dette er ikkje noko eg har noko problem med! Eg skriv gjerne både for det eine og for det andre partiet i ei sak, eg, ofte fordi eg har så få sterke meiningar, og sjeldan er engasjert. Ein øver meg opp til å bryta ned grensene mellom kva som er rett og gale, og dette vert altså løna i karakterar. Ein vert løna for evna til å formulera mest mogleg pjatt i ulike samanhangar.
onsdag, mai 04, 2005
It's so much pjatt with you, Hansi...
Lagt inn av
Hallvard
kl.
15:56
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentarer:
Hm! Sjølvmotseiingar e fine ting...
Postmodernismen lenge leve. Lese forresten Cosmopolis ferdig fø tide.
Hallvard.
Legg inn en kommentar