søndag, mai 01, 2005

Mellom himmel og jord

I denne artikkelen kan ein lesa om Fotballdommar og Same Nils Mikkel Sara som Ganda (kasta ei forbanning på) fotballaget Hammarfest slik at dei ikkje vann ein einaste kamp resten av sesongen!

Trenaren seier: "Det ligger noe lumsk bak. Jeg har i hvert fall fått mye mer respekt for den type krefter."

Kva skal ein tru?

1 kommentarer:

Hallvard sa...

No kan ein sjølvsagt bortforklara med at etter kvart som spelarane fekk dårlegare og dårlegare sjølvtillit, spelte dei dårlegare og dårlegare òg. Men kor stor er sjansen for at eit lag skal tapa alle kampane etter ei slik ganding ved eit tilfelle?

Eg for min del tvilar ikkje på at ganding kan vera i slekt med okkultisme, satanisme og andre slike krefter, som utvilsamt har effekt i verda i dag. Men det er jo òg mogleg at heile historia er funne på av media for å skapa åtgaum.

Har du tenkt noko meir på pappa si historie om demonane inst i ljosløypa forresten?