Lidingsomnen
I går kveld hadde eg bestemt meg for å visa ekte menneskeleg storleik. Eg skulle halda søvnbehovet nede, iallfall heilt til eg hadde slått min rekord på 42 timar. Og når det hadde skjedd, ville eg like godt halda ut til det hadde gått 48. Og kanskje, dersom eg tok éin time om gongen, ville eg nå opp til 72.
Slik var mine planar.
Men etter ein tur ned til Sam i 12-tida, der me gjekk ut ein tur, Sam røykte, og gjekk og besøkte nokre jenter som hadde bestemt seg for å overnatta ute, OG eg fekk greie på at det var han som hadde hatt og stadig hadde kabelen som eg sårt trong då eg var komen tilbake frå Tyskland og stakk innom for å tøma kameraet og kunna dokumentera av flytteturen til Førde, gjekk eg opp til meg sjølv for å toasta. Med lånt toast-jern og ketsjup.
Heldigvis er Fjordheim-folka slik at mange av dei nyttar datamaskina si som vekkarklokke, og har henne ståande på heile natta. Slik kan alle som vil, forsyna seg av det dei har ute til deling til alle døgnets tider. Slik var det òg med meg. På ei anna maskin låg Pulp Fiction. Denne hadde eg enno ikkje sett, så eg lasta han over, og begynte å sjå på med toast til.
Men etter ca. eit kvarter, då Bruce Willis hadde byrja å koma inn i filmen, merka eg at det var scener innimellom som berre gjekk meg hus forbi, og eg måtte streva for å heva nakken. (Eg visste at det å sjå film ikkje er det luraste ein døgnande kan gjera, men satsa på det ville gå bra når eg sat i ein kontorstol.) Men til slutt gav eg opp filmen, og sette i gang med eit anna prosjekt som eg er komen godt i gang med: Å skriva ned Delirious-showet til Eddie Murphy.
Plutseleg vaknar eg. Notisblokk ligg opna. Media Player med Delirious ligg opna, sett på pause. Eg ligg på ryggen, delvis i senga med dyna i hin enden og kleda på. Vekkarklokka (dataen) speler Axel F-temaet frå Beverly Hills Cop-filmane. Klokka er 7, og eg finn ut eg må ha sovna i to-tida kvelden før. Eg kan ikkje hugsa hendinga, og for alt eg veit, kan eg nærmast ha besvimt bakover i senga.
Jammen vart det søvnen som overmanna mennesket.
onsdag, mai 11, 2005
Menneskets kamp mot søvnen.
Lagt inn av
Hallvard
kl.
19:04
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar