
I ettermiddag var eg heilt utslått. Slikt skjer berre av og til - ein må berre leggja seg rett ned og ikkje gjera noko som helst, for å gjenvinna energinivået.
I slike stunder er det ikkje mange typar musikk som gjer ein godt. Men det er nokre som greier det! I dei rette stundene kan slike band få ein til å tenkja:
- Eg trur verda heng på greip likevel!
Ein av stadene der eg hentar ny musikk frå, er nettsidene til NRKs konsept for framstormande band, Urørt. Urørt er tilknytt sitt eige radioprogram på Petre, og dei artistane som vert trukke ut, får mest sendetid på programmet. Men det ligg òg mange mp3-ar ute på nettsidene frå nye artistar, klare til nedlasting for dei som vil.
På desse sidene har eg snubla over bandet Ophelia Hope. Lyden du får derifrå er nydeleg, roleg kafé-musikk som ikkje vil deg anna enn godt. Men utan å bli klisjéfylt; kreativiteten er framleis stor. Eg har kjent igjen både messingblåsarar, strykarar, piano, fingerspel på gitar, plystring og ein vakker, kvinneleg vokal blant tonane deira. Tekstane bryr eg meg ærleg tala ikkje så mykje om i slik musikk, men dei verkar meir gjennomtenkte enn i songar flest.
Så langt ligg det 4 mp3ar ute av bandet, men dei held på med å mixa ferdig eit album. Det ligg høgt oppe på mi cd-ynskjeliste når det kjem ut!
måndag, juni 11, 2007
Ophelia Hope.
Lagt inn av
Hallvard
kl.
10:56
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar