Eg er glad for at Bjørn Eidsvåg finst. Han er ein dyktig og god musikar i motsetning til fleire andre kristne artistar i landet. Dessutan er han svært produktiv, og han har mange gjennomført bra songar frå CD-ane sine frå 80- og 90-talet. Men personleg set eg pris på litt sterkare standpunkt enn nokre av dei han tek no i seinare år, sjølv om den musikalske kvaliteten ikkje er til å klaga på.
Ein liten kuriositet om Eidsvåg: i ein av dei gamle klassikarane hans, "Eg komme" frå Ingenmannsland (1993) finn ein denne teksten:
"Det får skje meg, det som skjer meg,
du får grina eller le..."
Me har smilt litt over denne linja, eg og ein god ven av meg. "Det får skje meg, det som skjer meg," er kanskje ikkje akkurat standpunktet det krevst mest pågangsmot for å stå for. Me trudde iallfall ikkje dette var ei linje Eidsvåg la vekt på. Men jammen, då me bladde litt i tekstheftet til den nyaste CD-en hans, Nåde, fann me nett den same linja i ein av dei nye songane!
"Det får skje meg, det som skjer meg." Det er ikkje mange linjer som ein artist meiner så sterkt at han gjentek dei frå ein gammal song til ein ny. Men her hyttar Eidsvåg verkeleg med neven i iver - dette er eit livsprinsipp det er verdt å skriva songar om! Hehe.
Eg er glad for at det britiske bandet Delirious? finst òg. No er dei riktignok ikkje blant mine favorittband, men dei har allereie frå debutalbumet Cutting Edge (1994) sett standarden for korleis eit godt lovsongsband KAN vera.
Eg kjøpte CD-en The Mission Bell, som var den nyaste før live-cden Now Is the Time kom ut. Og der har dei framleis tekstar som fylgjande:
Show me a vision like Isaiah saw,
Where the angel touched his lips and he sinned no more.
Let me hear your voice saying “Who shall I send?”
I’ll say send me Lord, I’ll follow you to the end.
Show me a vision like Ezekiel saw,
An army of light from a valley of bones.
Breathe life into these lungs of mine,
So I can scream and shout of your love divine.
Search light, burns bright, floods my eyes,
Invade me, serenade me, I’m giving back my life.
Here I am send me, Here I am send me,
There’s nothing in my hands,
But here I am send me.
Det eg likar med dette, er at det er godt å sjå at det ikkje er alle kristne band som blir mindre modige i tekstane sine etter som karrieren deira går vidare. Delirious? har òg klart å halda den musikalske kvaliteten veksande.
Balansen mellom tekst og melodi er vanskeleg å halda.
tysdag, juni 19, 2007
Bjørn Eidsvåg og Delirious?
Lagt inn av
Hallvard
kl.
11:30
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar