søndag, juni 17, 2007

Det fine med det alternative.

Eg legg merke til at eg blir meir og meir alternativ i musikksmaken min! Det er mogleg det kjem av at eg har omgjeve meg ein del med amerikanarar dei siste to åra. Men òg fordi eg høyrer ein del på musikk etter det prinsippet at eg likar musikk det tek lang tid å bli ferdig med.

Musikk som ein må bli kjend med for verkeleg å setja pris på tonane ein høyrer, det kan eg lika. Ein av dei beste CD-ane eg har, tok det eitt år før eg verkeleg følte eg skjøna kva som låg bak. Dèt er ei god musikkoppleving. Men for å klara noko slikt, må ein òg nyta musikken langs vegen - det nyttar ikkje å tvinga seg sjølv til å måtta høyra gjennom ei plate igjen og igjen og igjen, berre for å få sluttresultatet.

Men med alternativ musikk tek det ofte litt tid for å setja pris på det ein høyrer. Definisjonen alternativ kan sikkert drøftast, men eg meiner musikk som går litt i motsett retning av listepoppen - det kan gjerne vera nokon forstyrrande element i han, og du forstår deg ikkje heilt på han med ein gong.

Sjølvsagt har denne tankegangen si grense - ein kjem til eit punkt der musikken blir regelrett stygg. Men viss ein klarar å sjå gjennom alle dei forstyrrande elementa og ser harmonien i det heile... då er ein nøgd med CD-en ein fekk på tilbod på Platekompaniet.

Det er ofte dette eg prøver å oppnå i CD-samlinga mi. Men svakheita med det er at eg har ikkje så mange CD-ar som er rein bakgrunnsmusikk... Og det har jo òg sin nytteverdi, men eg er ikkje så glad i CD-ar som berre er for bakgrunnsstemning.

0 kommentarer: