laurdag, juni 09, 2007

"You're in control, is there anywhere you wanna go?"

Slik tek den fyrste songen på Coldplays "X & Y" frå 2005 til. Dette tykkjer eg er ein genial start på ei plate. Samtidig som ho er ei god, direkte byrjing retta mot lyttaren, og kanskje gjev eit hint om at denne plata er det du gjer henne til, gjev ho eit godt innblikk i situasjonen i samfunnet i dag. Du er i styrarsetet, kva vil du gjera? På ein måte er dette eit spørsmål som vert stilt oss kvar einaste dag. Me er alle små presidentar, med større inngripningsevne i verda enn nokon gong tidlegare.

"X & Y" er ei plate eg vil tilrå alle. Coldplay er svært lettfordøyeleg musikk, og normalt sett likar eg ikkje det særleg godt. Men denne plata er så godt samansett og dyktig laga, både i meiningane bak songane og musikalsk sett, at eg kan ikkje anna enn gje henne heider og ære. Eg har snakka med dei som ikkje likar band som U2 og Coldplay fordi det er "flinkismusikk", men eg reknar meg ikkje blant dei. Er eit band dyktige i det dei gjer, og meiner det dei lagar, så får dei credits i mi bok.

0 kommentarer: