måndag, juni 11, 2007

Barndomsheltar... eller "eg var så ung og dum"?

Det er underleg kor mykje som blir forma inni ein frå barndomsåra av meiningar, oppførsel og korleis ein ser på verda. Slik er det nok mykje med musikksmak òg.
Dette innlegget er difor eigna til gruppene og musikken som eg høyrte på då eg var liten, på godt og vondt!

- Børud-gjengen.
Eg kjem frå ein kristen familie, og det er ikkje få kristne familiar i Noreg som har fått ein god dose Børud-gjengen oppigjennom. Enkel teologi, servert i musikkpakningar som blei meir og meir kompliserte etter kvart som familien Børud vart eldre. Og me hadde omtrent ALLE kassettane, sjølv etter at dei skifta namn til Arnold B Family, og musikken vart meir mogen.

- Dc Talk.
Eg er den yngste i syskenflokken min, og på det musikalske området blei bror min sin ungdom fort min eigen barndom. Dermed var eg ikkje så gamle karen før eg høyrte på rock/ Old School-hip-hop-fusjonen Dc Talk fyrste gongen. Dc Talk var eit ENORMT stort kristent band på nittitalet, og var mitt store idol på barneskulen. Mange av tekstane kan eg utaboks.

Bandet består av Kevin Max Smith, Toby McKeehan og Michael Tait, alle vokalistar eller rapparar frå Washington DC. Det som er spesielt med gruppa, er at dei ikkje berre køyrer éin stil, men endra meir stil frå plate til plate. Bror min hadde både den soul/hip-hop-prega Free at Last (1992) og den meir rett fram rockecd-en Jesus Freak, og etter kvart kjøpte han òg Supernatural, (1998) som ikkje heilt kan setjast i éin bås.

Per i dag er bandet på pause (Intermission), og dei tre bandmedlemma held på med sine respektive prosjekt den dag i dag. Men eg har nok mista litt futten for Dc Talk. No ser eg det ligg eit "Greatest Hits"-album for døra, og det tyder kanskje på at det ikkje vil koma noko band-framhald. Kanskje like greitt; då ville dei berre ha laga mamma-musikk etter ein pause på over 5 år der samtlege er vortne gamle, fryktar eg. Men det er mogleg eg vil kjøpa Greatest Hits i respekt for bandet som mange andre har vorte inspirert av. Ein får musikkvideoar med på kjøpet.

Det må òg nemnast at eg alltid vil vera stolt over faktumet at min fyrste eigne cd var Dc Talk sin einaste Live-CD: Welcome to the Freakshow frå 1997, med songar hovudsakleg frå Jesus Freak og Free at Last.

- Jan Honningdal.
Vår fyrste cd heime i huset var faktisk Majestet, konge i evighet av Jan Honningdal; Noregs kanskje fyrste reine lovsongscd. Ein kjem ikkje unna mannen med kristen-Noregs mest respektable manke!

- Petra.
Petra er eit anna band som høyrer til ungdomstida til broren min. Lite visste eg at dette var eit av banda som har definert kristen rock, med ein oppstart allereie i 1972. (Diverre gav dei seg *litt* for seint; siste cden kom i fjor.) Me hadde éin cd av dei heime; det var On Fire frå 1988. Dette var hard, kristen puddelrock og me digga det! I ungdomsskule- og vidaregåande-åra har eg høyrt mykje på Petra, då særleg frå glanstida på 80-talet og tidleg 90-tal.
For å finna ut meir om Petra, kan eg tilrå www.petrarocksmyworld.com, ei nettside laga av ein sann blodfan.

- The World Wide Message Tribe.
Eg tykkjer ærleg tala det er litt småflautt å nemna dette kristne dance-bandet frå Manchester. WWMT var eit band eg "arva" frå eldstebror min. Anten laga dei hardcore dance-techno a'la Ace of Base eller Maxx med kristne tekstar, eller ein slags Jungle. Brøle-rapping med ein beat til. Og det var nok sistnemnte eg likte best. Eg nemner songtitlar i fleng: "Jumping in the House of God", "Get God", "We don't get what we deserve", "We talk to the Lord" og så bortetter.
Så vidt eg veit, eksisterer bandet enno, men med ein ganske annan stil og besetning, og namnet er The Tribe.

- Stephan Christiansen.
Då syskena mine var byrja å gå på bibelskular, kom dei heim med to cdar dei var svært opprømte over. Lovsanger for en ny generasjon og Kampsanger for en ny generasjon. Den fyrste var for det meste norsk techno, med ganske bra musikalsk kvalitet, sett i tida. Andre cd-en var heller ikkje verst, men meir rocke-prega. Tekstane var SVÆRT radikale; TV-en blir m.a. kalla "Helvetesmaskina" i ein av kampsongane. Men me likte det godt, og eg har fleire gode minne frå desse cdane. Stephan Christiansen held fortsatt på som musikar, og eg veit han har gjeve ut fleire av songane frå desse cdane på engelsk i seinare tid.

- Kåre Skuland.
Kåre Skuland sin cd Tanker, som me hadde liggjande heime, er ein slags blanding av Bare Egil Band og Stephan Christiansen. Han speler gitar og syng gode, teologiske tekstar, men vert ein smule banal og pussig innimellom. Som barn var dette ein cd eg likte godt, men no er han òg eit barndomsminne. Dog skal han inn i rekka på cdar eg høyrte på.

- Tommy Tee.
Dette er eg stolt av! Allereie på barneskulen kjøpte eg Tommy Tee's singel Takin' Ova, laga i samarbeid med ein HAUG av andre artistar, m.a. Warlocks, Diaz og Opaque. Dette er klassisk britisk-inspirert hip-hop frå Noreg, og beaten er enormt bra. Denne singelen høyrer eg framleis på innimellom, og eg likar godt spor nummer fire: Aerosoul. Fantastisk beat!

Elles held Tommy Tee mykje på enno i samarbeid med mange ulike MC's og rapparar og gjev ut cirka ein cd i året.

- Narnia.
Den dagen bror min kom heim med svensk tungmetall, var eg litt vanskeleg å riva med, hugsar eg. Narnia var utruleg bra musikalsk sett, men litt vel tungt for meg på den tida. Likevel, då han kjøpte Long Live the King i 1998, vente eg meg til det etter kvart, og høyrte på den cd-en mange gonger seinare. Spor nummer 9, "Star over Bethlehem" vart spelt høgt på rommet mitt på vgs. den dagen eg strauk på billappen.

- Carman.
Ja, bilmannen må med, han òg. Carman var ein kristen, opphavleg italiensk rabagast som blanda evangeliet med ghetto-slang og enkle uttrykksmåtar. Han hadde mange schlägers på 80-talet, t.d. "The resurrection rap," "Addicted to Jesus", for ikkje å gløyma "The champion." I den siste songen presenterer han kampen mellom Jesus og djevelen som ein boksekamp. Og dette var utruleg nyskapande og kult på den tida, men miste nok litt glansen etter kvart.

Me hadde tre cdar av han heime, R.I.O.T. frå 1995; den litt James Bond-musikkaktige Mission 3:16 frå 1998 og barnecden Yo Kidz 2. Musikken glei ned, men no... tja.

Dette var nok dei mest innflytelsesrike cdane me hadde heime. Men eg kjøpte òg nokre plater med Absolute Music eller Mc Music i mi tid, og likte godt både techno, rock og hip-hop. Eg høyrte på alt anna enn tungmetall og boyband, tenkjer eg. Så fulgte ein jo med på Topp20-lista og lytta til Howard og HC, Albin eller liknande program på Petre medan ein sat og spela Elastomania på data.

Slik. No er dette mitt vesle leksikon, og eg vil ikkje gje nærare forklaring på nokon av desse banda, skulle eg referera til dei seinare.

0 kommentarer: