I går sette eg meg ned med 88-omsetjinga av Bibelen, saman med den engelske KJV-omsetjinga og hebraisk oppslagsverk, noko eg har for vane stundom. Det var igjen den for meg noko underlege bruken Bibelen har av begrepet ’navn’ som opptok meg. Eg bestemte meg for å foreta ei systematisk undersøking av bibelens bruk av ordet, slik at det kanskje dei ulike kontekstane ordet er nytta i kunne kasta meir ljos over bruken og korleis det skal forståast.
Ein av dei fyrste gongane ordet ’navn’ (hebraisk - ’shem’) er brukt er 1. mosebok 2, 20, der Adam gir navn til alle dyrene. Forutsat at dei navna Adam faktisk gav dyra blei tatt opp i (eller bevart i) det hebraiske språket (det skal tross alt vera om lag 2000 år mellom Adam og Abraham, stemmer ikkje det?) kan me sjå i GT at namna Adam gav dyra seier noko karakteriserande om dei. Det fyrste dømet er jo slangen i kapittel 3, som på hebraisk er naw-khawsh'. I fylgje Strongs definisjonar kjem ordet av den hissande lyden slangen lagar. Det neste er ramnen som Noah slepp ut frå Arken, den heiter o-rabe' som betyr at han har ein mørk farge. Det same med menneskenavna og stadnamna. Når folk gav navn til sine barn eller sine omgivelsar var det etter noko som karakteriserte eller skulle karakterisera det. Feks. når David blei sint på Gud fordi Gud drepte Ussa som prøvde å redda paktsarken frå skade, kalla han staden der det skjedde for Peres-Ussa - Øydelegginga av Ussa. Stundom, viss Gud ikkje var nøgd med navnet folk hadde, kunne han finna på å gi dei nye og meir passande navn. Som når han gav den slemme presten Pashur (som betyr ’frigjering’) det nye navnet Magor Missabib, som betyr ’Redsle på alle kantar’. Det same ser me i det nye testamentet, Jesus gav Kefas nytt namn, og Saulus skifte navn då han vart kristen. For å ikkje å gløyma Synzigus, som med rette bar namnet Synzigus. Navn er viktig gjennom heile bibelen.
Grunnen til at eg seier dette, er sjølvsagt fordi det i vår kultur ikkje er slik. Det har kanskje vore slik ein gong, når ein plass fekk namnet Kjekatun er det fordi det er eit tun som har god utsikt. Men når nye gater vert laga i Bergen eller Oslo i vår tid er det ein trend at namnet gata får har minimalt med staden å gjera. Det klassiske dømet her i Bergen er Jomfrustien. (Kanskje det var meint ironisk? Eg syns forresten Victoria hadde eit bra forslag, ho meinte me kunne kalla den vegen me bur i for ”Feil vei”. Det syns eg hadde vore eit usedvanlig kult gatenavn. Ok, kanskje det var eg som tok det Victoria sa og gjorde det til eit gatenamn. Men ho kallar i alle fall vegen inn til naboane for feil vei). Endå mindre skal namna menneska får ha noko signifikant tyding. Viss ein gamal israelitt med insikt i norrøn etymologi (ok, ganske far-fetched) hadde dukka opp her, kunne han koma til å tru foreldra våre hadde meint at bror min skulle vera min vaktar. Men det er nok framfor alt tilfeldig at mitt namn tyder Lykkestein eller Gledestein (eller jamvel varslingsstein) og at bror min sitt namn tyder Steinvaktar. Me har eit litt arbitrært forhold til navna me har og omgir oss med. Men me må ikkje gjera den feilen å tru at fordi namn er noko uviktig i vår tid er det uviktig når me les Bibelen òg. Særleg er me skuldig i slik framferd når det gjeld Guds namn. No skal ikkje dette vera ein polemikk om at me må gjenoppta bruken av Yahweh slik eg tok til orde for i Norge Idag for fleire år sidan. Jammen ligg ikkje innlegget ute på interenett enno. Hmmm, det er jo berre 3 år sidan eg skreiv det! Det føles mykje lenger sidan. )
Det kan vera nok å seia at det namnet Bibelen nyttar om Gud er YHWH. Dei fleste forskarane er einige om at Yahweh er den riktige uttalen (fyrste staving uttalast som i siste del av Netanyahu). Namnet er fyrste gong nytta i fyrste mosebok 2, 4. Namnet tyder i fylgje Strongs definisjonar ’Den sjølveksisterande’ eller ’Den evige’. Så langt er alt greitt og logisk. Men ting tek til å bli litt rart eller interessant når ein ser kva bruksområde akkurat dette namnet har, kva implikasjonar det har, kva farar det kan medføra og kva fordelar det kan medføra å bruka namnet.
Framhald kjem (forhåpentleg) snart.
tysdag, juni 12, 2007
What’s in a name?
Lagt inn av
Øystein
kl.
14:33
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar