søndag, juni 10, 2007

I dag gjekk eg glipp av ein konsert.

Men denne gongen visste eg iallfall om kva eg gjorde. Eg har ein blunder bak meg frå nyttårsaftan 2005/06 som eg aldri vil gløyma.
Sommaren 2005 var ein lang sommar for meg, og eg var vidopen for nye musikalske impulsar. Mi største von for ferien var å få reisa på ein festival, og kanskje få reist på ein konsert med Gåte; eitt av banda eg ville bli nærare kjend med.
(I dag ser eg på Gåte nærast som eit legendarisk band. Det skal eg blogga meir om seinare.)
Uansett, eg fann ingen konsertar som passa i det tidsrommet eg hadde fri; Gåte turnerte i Tyskland. Så som trøyst kjøpte eg begge cdane dei hadde gjeve ut til då. Og sommaren vart til haust. Nettsida til Gåte vart ikkje oppdatert såvidt eg såg, så eg gav opp vona om konsert. I avisene gjekk det rykte om at bandet skulle løysast opp.
Så kom jola, og eg hadde ikkje noko særleg eg gjorde på på nyttårsafta. Så eg og ein god kamerat gjekk opp på ein fjelltopp i kulde og snøfokk for å senda opp rakettar derifrå i 12-1-tida. Ei oppleving rikare gjekk me heim.
Lite visste eg at den kvelden hadde Gåte hatt sin avskjedskonsert før oppløysinga. I Setesdalen; ein svært overkomeleg biltur for meg og kameraten min, hadde me berre visst om det.

Og i dag skjedde altså det same, berre at eg visste om det som hende denne gongen. Den (tidlegare) kristne hip-hopgruppa Evig Poesi, som òg har gått i oppløysing, har opptrådt med den gamle besetninga (Smart 9000, Dyp Tanke og DJ Broder T) på SubScene i Oslo. Det kostar minst 2000 kroner for meg å koma meg ned og opp att, så eg måtte droppa det. Men eg var inne på tanken om å ta meg ein helgetur.

0 kommentarer: