eg har ein fantastisk koselig downs-fyr på jobben min, og han e veldig glad i alle cdane sine. han høyre på dei KVAR dag. FLEIRE GONGER fø dagen. og ikkje berre når han e åleina, m passe lågt og fint volum, men m HØG lyd, og gjerne når personalet er der.... så ALLTID når eg har vore på jobb med han, får eg desse songane på hjernen.... OG da dreie seg IKKJE om variasjon av musikk! neida. SAMME cden dag ut og dag inn, HEILA veko gjennom... heile våren var det DDE som var det store bandet. så då var det "rai-rai" over en lav sko i mange månader... ikkje akkurat min favoritt, for å sei da sånn....så gleda mi var stor då eg ein dag i sommar fann ein tor endresen-cd i samlinga hans. så slapp eg høyra meir på dei plagsomme trønderske fyrane noko meir, tenkte eg nøgd.... men no, etter tre månader m radio luxembourg, alladin, røde roser, og eg veit ikkje kva....så byrjar eg å bli ein smule lei denne cden også kandusi.
men egentlig så må eg berre smila av han då. for han er ein fryktelig artig fyr å vera med. får kaffi av han kvar dag, let opp døra for meg, tek meg høfleg i handa, og er stort sett blid.
men no høyrer eg at chinatown har begynt å snorka oppe i andre høgda her, så det er vel på tide å logga av. sleep well.
onsdag, september 07, 2005
tor endresen og eg
Lagt inn av
Monika
kl.
00:50
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar