søndag, september 18, 2005

Nedteljing...

3 dagar til no, så treng eg aldri bu her ein dag til, viss eg ikkje vil!

Statusrapport:
Tek til å missa viljestyrken til å finna på nye, spanande ting. Dette var vel litt deg eg ville unngå med lista eg laga over ting eg ville gjera på i sommar. (No skal det seiast at mange punkt på den faktisk har vorte oppfylte, då.)
Elles har eg for tida ei fornya interesse for piano, og har skjøna at skal eg koma noko lengre og få noko utbytte av spelinga mi, MÅ eg læra meg notar. Og det kjem eg nok ikkje til å ha disiplin til med mindre eg går på eit kurs eller noko slikt.

3 kommentarer:

Monika sa...

kan du verkeleg ikkje notar hallvard? da hadde eg ikkje trudd- jaja- men da klare du nok fort... ka gjorde du på på musikkskulen då? gjekk du ikkje dar?

Øystein sa...

Eg kan heller ikkje notar. Dvs. eg kan C-nøkkelen, men ikkje F-nøkkelen.

Hallvard sa...

Ka skjedde med G-nøkkelen, Øystein? :P
Eg kan fylgja notar, og på nokre få notetrinn i G-nøkkelen kan eg med éin gong sjå kva for tonar notane viser. Men med dei aller fleste må eg tenkja fyst.. lite praktisk.

Eg gjekk på musikkskulen, men både mitt og Øystein sitt problem er vel at me har såpass med gehør at me klarte å kamuflera at me ikkje kunne notar, trur eg. Øystein har nok hakket betre gehør enn meg, og har kome lengre enn meg med spelinga si. Eg kjem ikkje lengre enn at eg kan læra meg ein song, (mykje ved å sjå på tangentane når eg speler.) Sidan eg ikkje kan songen i hovudet, men berre i fingrane, gløymer eg han raskt viss eg ikkje slit og øver med å repetera. Men dette er ingen særleg morosam prosess, og lite fruktbart.