No har eg 5 minutt å skriva på før lånetida mi på datamaskina mi her på biblioteket er oppbrukt. Eg kan koma til å få internett på mi eiga maskin på internatet, men då må eg mest sannsynleg kjøpa ein router.
Eg har det fint! Kjenner liksom at eg går i riktig retning no... =)
Denne veka har me ein fyr som heiter Doug Easterday til lærar. Undervisninga har litt "amerikansk" stil, men er gjennomført bra.
Sjølvsagt møter eg ting eg ikkje skjønar, eller ikkje er einig i. Det er ikkje mykje, men då møter eg det kritisk.
Forresten fekk eg aldri sett biletet på baksida av Dagen i går, Øystein! Fattar ikkje kvifor avisa presterte å ikkje koma fram akkurat den dagen. Men både Onkel Knut og Elisabeth frå klassen min på Framnes hadde visst sett det. I dag kom dagens Dagen fram i god stand.
tysdag, september 27, 2005
Livsteikn!
Lagt inn av
Hallvard
kl.
15:00
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
kva i huleste stod på baksida av dagen då? detta visste eg ikkje noko om.
menne du hallvard? kortid på dagen ha du fri liksom? tenkte berre å ringa deg ein dag, så då hadde da vå fint å visst da.
kjekt at du trivest! gler meg te å koma på vitjing!!
No ser jo denna "vitjinge" ut te å koma i slutten av november... Men who cares. Vitjing!!
Du ha virkelig ikkje fått med deg denna baksido av Dagen-forteljinge, altså? Øystein skreiv ein liten artikkel om molter og brukte meg som illustrasjon... :P
No har eg faktisk endeleg sett han.
seriøst?? kongekult!! du e blitt ein kjendis!! håpe de tok vare på aviso!! dette må sjåast
Legg inn en kommentar