onsdag, september 14, 2005

Eg må vekk!

Det gledde mitt hjarta å sjå så mykje aktivitet her i den tida eg har vore borte!
Sidan Monikjo hadde nemnt det i eit tidlegare innlegg, vil eg igjen takka for opphaldet eg fekk i Førde. Det vart ein kongeleg god pause frå livet her heime i bygda, som eg no tek til å verta grundig lei. Ja, du las rett. LEI.

Eg har det bra. Eg les bøker, eg er på internett, eg er oppe så lenge eg vil. Men likevel - eg må vekk herifrå! No har eg altså vore i Stavanger i helga, men allereie etter å ha sove heime att éi natt, byrjar eg å verta lei av staden.

Heldigvis varer det ikkje lenge no. Om 8 dagar er eg på god veg til vårt kjære austland, nærare bestemt Skien. Og der skal eg bli, for å tenkja ut kva eg vil vidare med livet mitt, få god undervisning om det eg trur på, treffa ANDRE KRISTNE att, og koma litt på rett kjøl igjen med system i kvardagen!

No for tida er eg så sløv at eg nesten har vanskar med å førestella meg korleis det vil bli. Hehe. Men uansett - dette er nok ikkje det siste innlegget de vil få frå meg før skulen byrjar, her på bloggen.

0 kommentarer: