Men jammen vart det over midnatt før eg fekk skrive noko i dag.
For ikkje lenge sidan fekk eg ei melding frå Øystein om å passa meg for snik-japaniseringa - no gjer ho sitt inntog på Lofthus. I dag har eg og Olav Andreas sett på den japanske teiknefilmserien Naruto i 5 timar, før me klarte å riva oss lause. (Les: før han serisøst MÅTTE gå og leggja seg.)
Og dette er ikkje noko nytt fenomen - nesten samtlege av bebuarane på Fjordheim var i fjor avhengige av denne serien, og han har tonnevis av fansider på internett. Kvar torsdag kjem det ut ein ny episode i Japan, og kvar fredag vert denne lasta ned på datarommet på Framnes, og mange andre stader. Då eg var på Framnes på vitjing etter å ha vore på Tysnes, fekk eg 27 episodar på ein brenne-DVD av Hallvard Sæle. Han har heile serien (til dags dato over 150 episodar) + ein haug med andre tilsvarande. Alle med japansk tale og engelsk tekst.
Dei går under namnet Animè-seriar, og dei er lette å kjenna att. Alle ansiktsuttrykka, hårsveisane og heile teiknestilen er typisk japansk - akkurat som i Det flygende huset, Pokémon e.l.
Det er mykje som er tåpeleg med desse seriane.
Men eitt skal dei ha: dei er fengande. Mange episodar sluttar akkurat der det er mest spennande, også er det vel noko med at teiknefilmverda ikkje kjenner grenser for spesial-effektar...
Språket er jo òg ei soge for seg. Det japanske tonefallet er utruleg stilig, og passar godt til bad guys. Kulturen er òg heilt annleis enn vår, dette gjer det endå meir spanande å sjå på. Amerikanisering har verda kanskje fått nok av etter kvart.
Så kva kan eg seia? Begynn å sjå på, men once you're in, you can't get out... Personleg vonar eg at eg iallfall ikkje tek til å sjå på andre animé-seriar enn denne. Denne skal då òg vera av dei beste..
Forresten: 1 dag att til Skien!
tysdag, september 20, 2005
Eg hadde tenkt å skriva eit innlegg når det var to dagar att òg...
Lagt inn av
Hallvard
kl.
02:25
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar