Då eg fann ut at mp3-spelarar kan berast med seg utan at ein merkar mykje til vekta når ein er ute og joggar, fekk jogginga mi ei lita oppbløming her i vår.
Det var ei ettermiddagsljos, grå juninatt i Nordland då eg kom på det for fyrste gongen. Vêret var surt, med slikt tettsitjande yr som kan pågå i dagevis ved kysten. Ikkje særleg motivarande vêr til ein god joggetur, altså.
Det var då eg planta mp3-spelaren djupt nede i lomma på Framnes-jakka mi for fyrste gong. Og jammen klarte eg ikkje å joggan nærmare ei mil, med den nye oppeldningsfaktoren!
Hip-hop fungerer særleg godt til joggemusikk. Inkjeseiande punchlines som fylgjande gjer ikkje mykje anna med meg enn å militært halda beina gåande:
"Vi har b.... av stål! Dere har b.... av høyballer
og dritten deres kommer ikke lenger enn en høyttaler!!"
Stundom funderer eg over kor mange forskjellige sider eit menneske har. Det var fleire på Nordtun som sperra auga opp over at eg var ute og jogga. Eg har jo drive litt med det oppigjennom tidene, men så har det nett som lege og dorma inne i meg, før det dukkar opp til overflata att når det finn høve til det.
For å finna ut meir om djupnene i menneska, er det godt å lesa ein god roman att. I dag har det vore roleg på turistinformasjonen, og eg har brukt fleire timar på å lesa Dr. Zhivago. Pasternak er flink til å skildra dei indre liva til menneska han skriv om, og det er mange små tankar og kjensler som eg kjenner meg godt att i, men som sjeldan vert gjenstand for samtale til vanleg.
Som min bror, les eg seint. Fordelen med dèt er iallfall at figurane i boka står levande framføre ein lenger enn når ein berre susar gjennom boka på biltur.
(Kor mange romanar les forresten du på eit år, Monika? Det er vel utan tvil du som er mest interessert i personlegdommar her i familien, og det kan vera stimulerande å lesa når ein ikkje må.)
onsdag, juli 30, 2008
Jogging og menneskelege djupner.
Lagt inn av
Hallvard
kl.
18:26
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Pasternak er altså då forfattaren av boka eg les. Ein kontroversiell russar som døydde i 1960.
Eg trudde vi hadde en slags forståelse av at man ikke gjør sånt :P Jogg altså..
Legg inn en kommentar