fredag, juli 04, 2008

Dagar som går ein forbi.

Eg kan hugsa Monika for ei stund sidan dreiv og filosoferte over når ting eigentleg går over frå å vera nye og spanande til å bli kvardagslege.
I dag kjendest turistinformasjonen som kvardag.
Eg har gjort tida til min allierte, på ein måte. Rutine tyder vel stort sett dét. Å samarbeida med tida.
Og så har det gått ein dag utan at ein har merka det noko særleg.
Kvardagsliv. Tru om det er mogleg å venja seg av med å leva vanebasert? Det er jo kvardagslivet som er dei viktige dagane.

Medan eg sit her i dag, driv familien Sekse, Åsmund og Inger Elisabeth, Liv Kirsten og Åshild og ordnar til festlokala for Eli og Craig Taunton sitt andre bryllaup. Det tek stad i morgon, her i kyrkja. Men då er eg på jobb.
I dag har det forresten kome så få folk innom at eg har notert alle bryllaupsarrangørane som turistar. Det fekk statistikken til å sjå litt betre ut;)
Men det er ikkje det, eg har fått streng beskjed av sjefen min tidlegare om at ALT som kan krypa og gå gjennom turistinformasjonsdøra, skal ned på statistikken.

Elles køyrer eg den klårt beste kaffiprisen her i bygda for tida!
5 kroner for ein kopp, og gratis påfyll. Ekspedisjonen har rundt 18 kr, trur eg.
Og mamma og Triin støttar opp om pappa som vraltar rundt i Tallinn med forstua høgrefot.

0 kommentarer: