onsdag, juli 02, 2008

Sjuk turistinformatør.

I dag er eg sjuk på jobb. Så eg har vel hakket mindre bygderomantikk i meg i dag enn i går.
Det hender eg likar å vera sjuk. Eg trur det går på det same som eg skreiv om i går, at ein blir tvinga til å roa ned tempoet. Men i dag var ikkje dagen å vera sjuk på.

Det er mykje som skal gjerast både heime og på jobb. Jordbæra må plukkast, plenen klyppast og huset generelt sett stellast medan foreldra er borte. Ingen av delene hadde eg energi til då eg vakna med noko som likna pappas forkjølte bass-stemme og sveitt hår.

Men eg streva meg då ned til turistinformasjonen i dag òg. Eg har sete her og undra meg over kor seint tida gjekk, med uregelmessige turar til snytepapiret på do.
Men på dagar som denne er det ei regelrett velsigning å kunna koma til oppattåvermd middag hjå Besta og Beste. Det fenomenet har eg blogga om her nokre år tidlegare.

No skal eg snart bort dit, skravla bygdesladder og eta noko godt.

0 kommentarer: