Eg kjenner meg litt som ein utanforståande innanfor min eigen kristen-idealistiske organisasjon i det siste.
I dag sat eg og las Mot Målet med saggebuksebeina i kryss og lang, svart sagge-T-skjorte. Det er lenge sidan eg har vore skikkeleg inspirert. Stadiet eg er på no, er litt som å vera ein metallrockar som gjer eit forsøk på å vera i statskyrkja.
Eg er ein ungdomsarbeidar som gjer gode kristne ting utan heilt å vera inspirert til å gjera dei.
Eg lengtar etter Gud. Det å møta Gud. Å vera nærme Gud, at han er meir enn eit begrep.
Han har forsvunne litt frå meg etter at han vart jobben min. Men eg veit eg vil finna han att. Inkorleis.
tysdag, juli 22, 2008
Tankar, kvelden 22. juli
Lagt inn av
Hallvard
kl.
22:27
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar