torsdag, juli 03, 2008

Varme.

I dag har vore ein kjekk dag. I dette vêret er turistane hyggjelege, og det er slett ikkje verst å vera turistinformatør heller når det er kjøligare inne enn ute. Eg kjenner meg dessutan mykje betre i kroppen. Er framleis litt tett i nasen, men har ikkje slik hovudverk og trøyttleik som i går. Og matlysten er mykje større.

Elles har eg fått telefonar både frå Monika, Øystein og Lindsay i dag! Og Alf Magne ringte i går. Trivelege folk!

Eg lèt meg stadig underhalda av innlegga Knut Rage skriv på Forfattarbloggen. Og no offence - men eg har større sans for dei livsnære innlegga til Knut enn den meir kritiske "no står ikkje verda til påske"-stilen som Tore Vaag meir står for på sin blogg.

Eitt av ljospunkta mine i går, var då eg snubla over noko som min kjære medbloggar Øystein er mykje skuldig i! Etter at eg hadde lese kommentarane til dette innlegget og sett side 3 av Flickr-sida til den omtalte VEB Zardoz, klarte eg ikkje slutta å bryta ut i latter på fleire minutt etterpå!

0 kommentarer: