Etter ei veke som frivillig sjauar på Trænafestivalen i Nordland, er eg no heime og oppdagar mange kreative måtar å slappa av på. Mamma og Pappa slår plenen og vaskar og steller. Mitt dårlege samvit strekkjer seg så langt at eg hjelper til når det trengst.
Ei av dei som eg var på team med på Træna, var av typen som berre skreiv og skreiv. Dikt, noveller, dagsnotat... ho sat ofte i eit hjørne for seg sjølv med datamaskina på fanget. Kjennskapen med henne har fått ein synergieffekt i meg med nokre tankar eg har gjort meg om at eg helst vil vera kunstnar, og ikkje logikar. Eg har fått ei kreativ bylgje over meg, og den gjev utslag på mange forskjellige vis.
Eg har byrja å spela xylofon att. Eg har henta ned begge dei gamle xylofonane me har oppe, og sit og hamrar til tonar av Thomas Dybdahl eller Sufjan Stevens frå datamaskina. Elles er eg hyra inn som taffelmusikar ein 5-10 minutt i bryllaupet eg skal i på Lerum ved Göteborg, og har no øvd inn ein ufatteleg tøff versjon av Gershwin's Summertime. På piano, riktignok. Og eg skal freista å syngja til!
Mp3-spelaren min kan ta opp lydar, har eg funne ut. Så dei siste dagane, då eg reiste frå Træna til Sandnessjøen til Mosjøen til Trondheim til Oslo og til Voss har eg teke opp nokre få interessante lydar og lagra på datamaskina.
Elles les eg russisk modernisme med den verdskjende Dr. Zhivago. Og driv framleis på og les Knut sine innlegg på forfattarbloggen.
Og dersom det var nokon som lurte på kva forrige innlegg var for noko rart, kan eg fastslå at dette er min fyrste fullendte rap.
Som eg ein dag drøymer om å framføra. Eg må berre skaffa meg ein beat fyrst.
Eg har fleire tekstar liggjande òg, men dei er ikkje ferdige enno.
Lufthus er iallfall ikkje daud i sommar! Det skal vera sikkert.
torsdag, juli 17, 2008
Kva held eg på med?
Lagt inn av
Hallvard
kl.
17:43
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar