Ein av dei aller vakraste filmane eg har sett, er kinesiske
Ying xiong, eller Hero (2002) som gjekk på Nrk2 på fredag. Det var no andre gongen eg såg han, og han hadde ikkje tapt seg sidan sist, heller motsett! Mange filmar er jo slik at fyrste gongen ein ser dei, får ein eit slikt enormt fyrstegongsinntrykk som overvelder ein, slik at det er lett å lika filmen. Så, når ein har sett filmen 2 og tre gonger, forsvinn denne heilskapen, ein bryt filmen ned i mindre bitar, og plutseleg er han ikkje like stor lenger.
Dette var ikkje tilfelle for meg med Ying Xiong.
Eg kan ikkje seia for mykje om plottet, for det vil røpa for mykje om filmen.
Men heile filmen er ein samtale mellom hovudpersonen, Namnlaus (Jet Li) og kongen i Kina, og historiane dei fortel kvarandre vert synte i tilbakeblikk. Alle i filmen snakkar forresten kinesisk.
Dersom det er venleik ein er ute etter når ein ser film, er Ying Xiong absolutt filmen å sjå. Denne filmen er fager. Eg kan best skildra han med eit sitat frå ein annan god film om austleg kultur, Den Siste Samurai:
"From the moment they wake they devote themselves to the perfection of whatever they pursue. I have never seen such discipline."
Sverdkunsten i denne filmen er ikkje alltid utkjempa for å drepa. Det er kunst. Det blir sagt i filmen at sverdkunst og kalligrafi (som òg blir vakkert portrettert) har same røter, same grunnlag. Nokre av kampane blir kjempa inne i sinna til dei deltakande.
Enkelte scener i filmen har ein fascinerande fargebruk. Ei fektescene mellom to kvinner blir utkjempa i ein overdådig, gul lauvskog (biletet) som brått gjennomgår ein raud metamorfose då den eine av dei døyr.
Ein annan stad vert det kjempa inne i ein kongeleg hall der grøn silke alle stader heng ned frå taket i same farge som silkekleda til ninjaen i scena.
Forøvrig er det ikkje noko øydeleggjande soundtrack i filmen som amerikaniserer han på noko som helst vis. I nokre scener er togna med på å gje tyngd til venleiken, andre stader kan ein høyra kinesiske instrument i vakre soloar. Dette er reint og fullt austleg, og samtidig før mellomalderen.
Du verda, for ei djupne.
Dei siste vekene har eg vore svært oppteken av korleis eit kunstnarleg sinn er og oppfører seg, samanlikna med eit logisk eit. Sjølv er eg nok svært logisk. Men eg lengtar etter det kunstnarlege, for ein får uttrykt så mykje meir og så mykje djupare når ein skildar, målar og peikar i staden for å seia ting nett som dei er.
Alle gode forfattarar og filmskaparar må då ha noko av dette.
Ying Xiong har det til gagns.
søndag, august 03, 2008
Kalligrafi og sverdkunst
Lagt inn av
Hallvard
kl.
14:02
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar