no va da på tide at me litt eldre syskena bidrar litt meir te denne bloggen- kan jo ikkje overlata alt til den yngste heller!
eg har vore "på byen" i kveld. funderer stadig over det utrykket. kem som kom på det liksom? med ein gong det er alkohol involvert, og klokka har gått over til kveldsstadiet, så heiter det liksom det. du er ikkje i byen på kafe. du er PÅ byen. må vera ein berusa person som fant på den geniale ideen å kalla det det...
men altså. me tok oss ei stripe, eg og annette. kjekt å koma seg litt ut på ein måte! kjipt å alltid sitta inne og gni...
men det første som slår meg gong på gong når eg er ute, er kor små dei er, dei minste som ein ser!! dei er jo faktisk berre småungar! merkelige greier--- me gjekk nemlig forbi "smuget", som er ein utestad med 18 års grense, og der hang det ein haug m småungar utanfor, nokre av dei var sikkert for unge til å koma inn og då.... men me følte oss skikkelig gamle!! det hjalp ikkje akkurat at ein håndfull 40 åringar kom bort og prøvte å sjekka meg opp, med ujamne mellomrom. føler seg ikkje yngre av den grunn liksom. fantastisk irriterande at dei gutane som er på min eigen alder, ofte berre interesserer seg for små umodne blondiner.... sukk. der har du igjen for alle "åra på baken", og solid erfaringsgrunnlag ein har opparbeida seg gjennom alle åra.
jaja- nok om det. men 40åringane, dei hang utanfor "træskeverket", som er den andre utestaden i førde, som er populær for tida. det går sånn i bølger her i byen. "alle" går liksom på dei samme plassane....
ein merkar så godt at førde er ein liten by, når ein er på byen, for ein treffer liksom "alle" når ein er ute. berre i kveld feks, traff eg eksen til ei venninde, ein som stod i samme køen som meg på elkjøp tidlegare i dag, naboen til ein kollega, og søskenbarnet til ei venninde....for ikkje å snakka om på big-bang-konserten i vår....då traff eg ein haug med kollegaer, ekskollegaer, samarbeidspartnarar, butikkpersonale, kafebetjening, treningsinnstruktørar, kort og godt meir eller mindre heile byen, på ein konsert! litt spesielt... du kan ikkje akkurat dela opp livet ditt i ulike "verdnar", når du bur på ein liten stad, for alle verdene vil før eller sidan møtast....det er vanskeleg å skjula deler av livet sitt då, viss ein føler behov for det, når samfunnet er så gjennomsiktig...og både tenåringar, vaksne, og til og med besteforeldra er å finna på ein og samme festen!! tenk så tragisk det må vera for folk som har foreldre som drikke, å treffa dei fulle på byen!
eg er berre så uendeleg takknemleg for at eg aldri har sett mamma og pappa i ein slik tilstand!!
søndag, august 21, 2005
på byen i førde ein vanleg laurdagskveld
Lagt inn av
Monika
kl.
01:58
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Underleg...
Har ein eigentleg rett til å kalla seg ein by når ein finn "alle" ute på same kveld? Ein by skal liksom vera litt uoversiktleg, meiner no eg.
Men Førde har sikkert mange gode sider. Hehe.
Førde er sikkert myyykje større enn Tysnes.
Legg inn en kommentar