søndag, august 14, 2005

Siste dag bak lukka dører...

Så var altså òg denne dagen komen: min siste dag bak lukka dører på turistinformasjonen. I skrivande stund er det under 7 timar til fridomen igjen er under mine venger... =)

Denne skal i fyrste omgang feirast med ein ekte mannstur: Eg, Øystein og Beste tek altså turen til Viveli for å plukka molter. Tre musketerar, i sjølvstyrt harmoni under Guds frie natur. Ingen TV, inga datamaskin, ingen fungerande mobiltelefonar (i ordets rette forstand); berre oss, eit par bøker, ein frisbee og eit tikkande gaukur. Omgjevne av stilla som ein berre kan finna på fjellet.

Gler eg meg? Ein KAN vel seia det. =)

0 kommentarer: