fredag, august 19, 2005

Dagsrapport att.

Sidan dei gode, gamle rapportane såg ut til å gjera suksess, får eg ta ein i dag òg.
Dagen i dag tok til med ein impulsiv Odda-tur. For å bruka litt pengar, rett og slett. Det kjennest godt å ha "lov" til å gjera det... =)
Eg tok bussen inn, og endte opp med 2 av kvart av desse klesslaga: gensar, bukse, boxer og T-skjorte. Alt til 900 kr. Slett ikkje ille.
Vidare stakk eg innom Spareland og fekk meg ein skitnedunk (det gjev ei lita kjensle av sjølvstende å vaska sine eigne klede,) + ei skål og eit pynteljos til DTS-en. Skåler er rett og slett nyttige ting.
Tilbake haika eg, eg hadde sett litt feil i busstidene, og gadd ikkje venta i 50 minutt. Eg kom faktisk fram etter to haiketurar, ca. 10 minutt før bussen.

Trekløveret Pappa, Pati og Rune tok turen til hytta i dag, faktisk! Dei fòr i 5-tida og me har ikkje sett dei sidan.
Eg og Mamma hadde deretter ein særs avslappande kaffi i hagen. (Middagen skippa eg.) Og resten av ettermiddagen har eg tilbrakt med Olav Andreas.

Men eg vurderer snart å ta meg ein Bergenstur! Eg trur det kan verta neste helg, eller noko slikt. Skal prøva å få reist før Sam skal i militæret, og litt må ein jo utnytta ungdomskortet... =) Eg har tenkt å ta meg nokre sightseeingturar i Hordaland ved hjelp av det i haust.
Og no har det jo fått nye vilkår òg! Sjekk ut denne sida!
Det er i slike tilfelle eg kjenner meg privilegert over å vera dom ung.

2 kommentarer:

Monika sa...

pappa, pati og rune faktisk. eit interessant trekløver...

og da ungdumskortet ditt-- da kan berre nyttast i heimefylket? er det slik? viss ikkje...så veit du om eit kott hjå meg, der det ligg ei madrass klar til deg!

Hallvard sa...

Hehe, eg er klar for kott-soving i Førde anytime!
Diverre gjeld det berre for Hordaland, men litt må ein då ofra for ei særs god natts søvn. ;)