tysdag, mars 08, 2005

Hallvards gårsdag

Lidingsomnen

Igår hadde eg ei svært besynderleg røynsle. I beste Hallvard-stil, brukte eg dei ti siste minutta før ti til å skriva eit nytt innlegg til lidingsomnen. Men då eg vart ferdig, og trykte på publish, høyrte eg eit illevarslande rop frå datanaboen min: "Er internett slått av?"
Akk, ja. Men bloggen er teken vare på, så her er det fullt mogleg å fordjupa seg i Hallvards GÅRSDAG! Ingen skal seia at Hall-lur ikkje freistar.

"Fyrst: Dersom du lurar på kvifor namnet Hallvard ikkje har befunne seg på lista på ei stund, er det fordi eg inntil no ikkje har hatt høve eller passord til å koma meg innpå. Heretter skal det verta andre bollar...

Tidenes hastverksprosjekt er herved i gang... Alt ein stakkar skal få plass til i løpet av ein dag. Glattkøyring, middagseting, bønnemøting, korsynging, hyggjeleg-vering... Lista kunne bli lang, men eg gjer henne kort. Så sympatisk av meg.

Idag hadde me ein UNDERLEG middag her. Eg veit'kje om det var Framnes sitt påfunn, eller om eg har opplevd ein internasjonal happening, men iallfall stod det OSTENS DAG på store plakatar i matsalen i dag. Ein framand kokk stod og fortalde om alle dei fantastiske osterettane som var på bordet - gräddost, jarlsberg, ost inni ein slags fritert bolle-sak og gamalost. (Skjønar ikkje heilt kva som er så utruleg gale med sistnemnde, eigentleg...) Dette i kombinasjon med at alle kom trøytte og solbrende heim frå skitur, gjorde dagen stort sett RAR. Men det er vel ikkje akkurat unormalt for denne skulen.

For fyrste gong på alle dei år, har eg faktisk vald vekk denne hendinga for glattkøyring på Voss, av alle ting. Eg har teke nokre inspirerande bilete av banen, garasjen og meg sjølv... (Dette skal symbolisera keisemd. Det beste biletet vart faktisk eitt av eit par høyrslevern.)

Men ein fin ting, er at me snart skal få i gang ein ny type bønemøte på Framnes, med skikkeleg organisering og greier. Vil du høyra meir, så heng PÅÅÅÅ...

Ferbal essences,
Minstebror."

0 kommentarer: