søndag, mars 20, 2005

Ei anna verd.

Lidingsomnen

Eg og mitt mannlege opphav har teke ei lita utflukt i dag. Mest av køyrelæremessige årsaker, vel å merka, men me endte i alle høve opp i lokala til Frelsesarméen i Odda.

Det var sett ut stolar til ca. 30 stykke. Omtrent 5 av dei var brukt, så det var omtrent like mange på scena som i salen. Dei aller fleste frammøtte var nok over 50, så me drog nok gjennomsnittsalderen kraftig ned då me passerte dørstokken. Og denne salen vart etter kvart ei anna verd for meg.

Då eg bladde litt fram og attende i salmeboka me brukte, såg eg mange gode salmar, med tekstar om åndeleg krigføring, nåde, tru og pris til Jesus, men dei færraste var songar eg hadde høyrt før. Pappa kunne tydelegvis alle saman, for han stemte i med understemme når dei sette i gang.

Det var beste som tala, og han nemnte fleire episodar frå korleis livet hadde vore før i tida, då han var nyfrelst, og dei kunne stå utanfor handelslaget med ein bokstand og prøva å samtala med bygdefolket om trua deira. Dette minna lite om dei kristne arrangementa på Lofthus som eg kjenner..

Og slik som dei ba! Ingen forfina ord der i garden; dei ville ha ein ny brennande flamme i Odda, Guds velsigning og fleire frelste, sjølv om oddsa var mot dei etter dei frammøtte å døma. Nokså likt slik eit godt bønemøte på Framnes kan vera!

Kva skal ein seia til slikt? Me er nok ikkje så ulike som me trur - trass i aldersskilnad...

0 kommentarer: