Lidingsomnen
For tida har me hatt om dialektar i norsktimane. Kjekt har det vore, men ein dag gjorde læraren min meg merksam på noko: som ei vanleg høflegdomsfrase, sa eg, på ein elevsamtale "Ja, eg snakke jo ikkje sånn VELDIG dialekt at da gjer noke..." og fekk til svar: "Ja, æ har merka det! Du snakke litt sånn forfina..."
Når eg tenkjer meg om, har han heilt rett. I forhold til Anne-Kirsti, jærbuen i klassen min, som framleis held på ao-lydar i ord som haust, pause o.l., må eg høyrast ut som ein person frå eit eller anna urbanisert område rundt Åsane. Men det er vel ikkje så mykje å venta heller - på skulen heime har dei fleste ein foreldar frå ein annan stad i landet, og mange vert påverka av oddilesisk. Kva skulle ein stakkar gjera? Trassig motstå språket til alle kameratane i barnehagen?
Men uansett om eg hadde mykje val eller ikkje, tykkjer eg det noverande talemålet mitt, (ca. 98% likt Øysteinharding, tippar eg,) ikkje akkurat er fullkome. Dermed har eg kome fram til slutninga: Talemålet må endrast! Men så kjem dilemmaet...
Når eg snakkar med meg sjølv åleine på rommet, går det heilt fint for meg å forma setningar med dar, dan, onde, ha slegje osv. Men i ein samtale gløymer ein alltid orda ein seier, og vert meir oppteken av innhaldet i samtalen.. Også glir eg tilbake til dei same gamle, stygge oddiske orda. Og dersom eg ikkje klarar å halda på målet her i Norheimsund, korleis skal det gå med meg i Skien til neste år? Anten må eg klara å innarbeida dei nye orda så godt i språket at dei kjem av seg sjølv, eller så vil eg falla tilbake i dei same grøftene. Så kva kjem til å vinna? Den enkle samtalelysta eller den hardnakka viljen til å snakka som ein innfødd lofthusing gjorde for 20 år sidan?
Time will show...
onsdag, mars 09, 2005
Meir om dialekt og Øysteinharding.
Lagt inn av
Hallvard
kl.
20:54
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar