Lidingsomnen
Dagen i dag har gått føre seg med ei knusande stille. Ei knusande roleg natts søvn som vara frå 2 til 12, eit måltid graut. Etterfulgt av ein tur ned i bygda for å handla kaffifløyte, og ymse anna som eg eigentleg ikkje treng. Forgjengelege ting...
Deretter gjekk turen til Olav A, der me tok tida ganske med ro ved å sjå gjennom Shrek 2 med engelsk teksting. OG tale. Så var det kaffimat, og turen gjekk heim att.
Etter kaffimat var det ikkje stort eg bedreiv. Eg svinsa litt fram og tilbake, tok ein telefon til vår alles kjære syster, las litt bok, såg litt TV, før det var pizza. Etterfulgt av klassefesten, etterfulgt av dagens internett-time.
AH, PÅSKEFERIE... :)
Hallvard.
laurdag, mars 19, 2005
Lofthusisk keisemd.
Lagt inn av
Hallvard
kl.
22:55
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar