Inne på "comments" ligg no nye bibelvers på aokan form fø Harding.
Eg har dessuten ei ny omsetjingsteknisk sak på bordet. Eg snakka tidlegare om 78-omsetjinga og at denne ikkje heldt mål. Det har eg no eit brennande fersk døme på, frå dagens omsetjingsaktivitet. Og kor passande er det ikkje at bibelverset er frå Jesaja:
Slik lyder Jesaja 58,13 i King James-omsetjinga:
"Hvis du vender din fot bort fra sabbaten, så du ikke gjør etter ditt eget velbehag på min hellige dag, men hvis du kaller sabbaten en stor glede, Herrens hellige dag for ærefull, hvis du vil ære den, så du ikke følger dine egne veier, og ikke gjør det som er etter ditt eget velbehag, og ikke taler din egne ord, (da skal du ha stor glede i Herren."
Tilfeldigvis samanlikna eg det med 78-omsetjinga:
"Held du foten din att på sabbatsdagen, så du ikkje driv ditt yrke på min heilagdag, men kallar sabaten ei lyst og Herrens helg ein høgvørd dag, held du han i ære, så du ikkje går dine eigne vegar, men avstår frå handel og snakk, (då skal du ha di glede i Herren)"
Oppvakte som syskjena mine er, ser de nok straks at den eine av omsetjingane anten har trekt frå viktige ord i omsetjinga, eller også lagt til nokre ord. Dette lurte eg på, og gjekk til grunnteksten (som eg har liggande på dataen, og som finst på internett, sjå: http://www.biblestudytools.net/InterlinearBible/bible.cgi ).
Som de nok óg har skjønt, støtta funna mine det synet eg tidlegare har hevda her på bloggen, King James-omsetjinga er betre enn dei norske me før har slitt med. I grunnteksten står det ingenting om korkje "yrke" eller "handel".
Så viss det er slik i dette tilfeldige verset, korleis kan me stola på om resten av 78-omsetjinga (og andre) er til å stola på i andre tilfelle? Meining-for-meining-omsetjing kan fort bli til ei nokså ukurrant og lite teksttru tolking av bibelen.
Til Hallvard: det hadde og vore fint med dine kommentarar til mitt svar på din kommentar til det fyrste innlegget eg hadde om dette.
fredag, mars 18, 2005
Nye bibelvers og om omsetjing.
Lagt inn av
Anonym
kl.
14:25
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentarer:
Altså.
Fyrst vil eg berre seia litt om mi meining om bibelvers på dialekt.
Du nemner som eit eksempel at uttrykket "lova åt livsens ande" vert arkaisk skrive på nynorsk, og føretrekkjer "love te livets ånd" på Øysteinharding.
Eg kan ikkje seia meg heilt einig - for meg er det ikkje noko vanskelegare å skjøna "lova åt livsens ande," og eg får ingen førestellingar om ein fjern, høgtideleg kristendom på grunn av denne måten å seia det på. For meg vert dette berre ei god formulering på eit forståeleg språk, som i mi meining bør takast vare på så lenge ein kan.
Men her er det nok heilt klart ein delt bak med i biletet.
Eit anna poeng er at eg ikkje heilt ser den store forskjellen i forståing av Øysteinharding og nynorsk. Difor kjem ikkje eg til å halda fram med å omsetja bibelvers - for meg vert dette berre ei plattgjering av språket i Bibelen, så lenge me snakkar ein plattgjort versjon av den opprinnelege hardingen.
Når det kjem til dilemmaet om King James-versjonen av Bibelen må eg jo berre bøya meg i støvet og gje deg rett - det er teke med fleire detaljar i denne. Men likevel... Kall meg gjerne gammaldags, men eg set faktisk språket i Bibelen framføre ei utviding av innhaldet i han. Eg meiner, hovudinnhaldet er jo på plass, og sjølv 78-versjonen er jo omsett direkte frå grunnteksten. Kor store endringar i innhald kan det vera snakk om?
Hadde King James-versjonen funnest i ein god nynorsk versjon, hadde eg gladeleg skifta, men eg nedverdigar berre ikkje meg sjølv til å lesa Bibelen på bokmål... :)
No KUNNE eg jo setja i gang arbeidet med å omsetja KJ te nynorsk, men så god tvile eg på at eg e..
Hallvard.
Legg inn en kommentar