fredag, juli 28, 2006

Piano!

Ein kan seia mykje rart om prosjekt for å få ein sjølv til å betra pianospelinga si.
"No skal eg læra meg notar" er nok ein ikkje sjeldant brukt setning både blant meg og Øystein.

Men no øygnar eg eit nytt håp.

Dei to siste vekene har eg vore pianolærar for kongolesaren Samuel éin dag i veka. Han har vorte med i Filadelfia i Odda, men har berre lært å skilja tonane frå kvarandre vha "do-re-mi-systemet" i staden for notenamn som me nyttar i Noreg.
Samuel går fram på ein svært systematisk måte når han lærer piano. Han speler litt, lærer litt nytt og speler litt meir med dette nye som han har lært. Mitt problem då eg lærte å spela, var at eg alltid ville gå fortare fram enn det boka tillét meg, ved å lytta til gehøret. Men slik lærte eg aldri notar skikkeleg.
Samuel inspirerer meg. I går grov eg djupt nede i kista i kjellarstova og fann fram ei pianobok frå 1950-talet:
"Perler fra barokken."

Enkle pianostykke for to hender. Slike ting som eg aldri sette meg ned for å læra i barndommen. I går lærte eg meg ein liten minuett, og eg vil prøva meg på ein ny ein i dag.

0 kommentarer: