fredag, juli 21, 2006

Litt personleg må til...

Som de kanskje veit, planane mine er litt endra i forhold til neste år. Her skal eg forklara korleis.

First things first: det blir ikkje noko Byen for Jesus-team i Ørnes. Grunnane er fleire, men Patrick og Camilla Carraher (som eg skulle ha samarbeida med), jobbar ikkje lenger for UiO.
Det gav meg fleire val som eg har tenkt og bede over. Fyrst hadde eg tenkt å reisa til Ørnes likevel. Men så vart eg boden plass som stab med fokus på Ørnes og arbeidet der, på Nordtun. (Ein DTS-base rett over fjorden ifrå Ørnes.) Dette har eg no valgt, (Ta det med ro, det er nøye gjennomtenkt=)) og eg har sagt ifrå til Patrick om det.

Dette vil praktisk seia fylgjande:
Patrick er ikkje lenger min overordna.
Eg vil bu på Nordtun-basen heile neste år.
Eg vil ikkje berre arbeida med Ørnes, men òg med andre ting - eg skal avklara dette med baseleiaren i morgon.
Eg vil framleis vera med på arbeidarsamlinga og treningsveka for Byen for Jesus frå 10. til 20. august.

Så det er det! Året etter Nordtun-året er framleis usikkert. Det får Gud ordna med. Men no vert eg kjend med arbeidet i Ørnes over tid, så gjev det meirsmak er det ikkje unaturleg at eg tek turen over fjorden etter ei stund...

Me ser. *Gamalt jungelordspråk.

6 kommentarer:

Øystein sa...

Endeleg noko personleg, etter alle dei upersonlege innlegga du har ramsa opp i det siste. Berre tullar. Dette var nytt for meg! Alt i hop. Kva er grunnen til at eg får vita det fyrst no?

Hallvard sa...

Ein grunn er vel at på ein DTS er det ikkje så lett å oppdatera livet sitt til omverda som det er på ein vanleg skule. Ein veks med Gud, reiser og erfarer mykje nytt. Eigentleg har eg tenkt på å reisa nordover sidan nyttår, men eg har ikkje funne det naturleg å fortelja om det til andre enn dei som forstod mykje av kva året mitt innebar, og mamma og pappa som jo vart oppdaterte kvar veke; det tek for mykje tid, rett og slett. Inga medvite distansering på gang.

Sturla sa...

Det var nyhender... Bra du ikkje gjev opp, men satsar på det likevel! Eg støttar deg i det! Eg trur du skal bety noko i Ørnes, OG på Nordtun. Hald meg gjerne oppdatert på mail, og om du ynskjer å reflektere over ting og få tilbakemelding på tangar, strategiar etc, er det berre å maile eller ringe meg. Eg er verkeleg interessert i det du går inn i.

Mailen min er sturlagodo@hotmail.com eller [fornamnet mitt]@oneway.no. Den siste skreiv eg i klammer, så ikkje sånne spam-greier skal plukke adressa mi opp og bruke det til tull.

Hallvard sa...

Takk skal du ha, Sturla! Eg tek kontakt med deg snart, one way or another...:P Tøff blogg, forresten - eg oppdaga han fyrst i dag!

Øystein sa...

Hei, det er eit merkeleg svar eg får. Du må ha tolka mitt utsagn "alt i hop" slik at eg ikkje visste om Ørnes-planane i det heile. Det var altså Nordtun-vrien som var ny for meg, det andre har eg no visst om sidan nyttår. Men det er litt interessant at du trudde du ikkje hadde fortalt noko. Eg tolkar det slik at du har fortalt så mange folk om desse tinga, at du har gløymt til kven du har sagt kva.

Men viss det hadde vore slik som du trudde, hadde DTS vore ein ganske dårleg unnskyldning, sidan det vel begynner å bli eit par månader sidan DTSen tok slutt? Hehe. Men ingen harde kjensler, eg veit svært godt kva det vil seia å leva eit kaotisk reise-liv.

Hallvard sa...

Riktig tolka=p
Men dårleg unnskulding, det vil eg ikkje seia!
Stadig veit du ikkje namnet på halvparten av lærarane eg har hatt i år, fordi eg ikkje har fortald så mykje om dei, til dømes.
Og det rette svaret på kvifor du får vita om dette fyrst no, er fordi eg fyrst fekk vita om det etter Skjærgårds.