Viss de lurar på kvifor eg dokumenterer dette så godt, så klikka minnekortet til kameraet mitt på Haugastøl, og eg har ingen bilete frå turen. Iallfall ikkje før me får fiksa det.
Etter Larvik sykla me langs sykkelveg 1. Denne skal gå langs heile kysten frå Oslo til Stavanger, så ein skal ha rimeleg god tid for å sykla heile. Me sykla ifrå Larvik til Bamble fyrste dagen. Der hende noko rart:
Me traff ein nokså erfaren syklist som me slo av ein prat med. På denne tida var me ute etter teltplass, og mannen foreslo at me kunne reisa til Bamble Kirke. Der ville det vera ein avstikkar, så me kom litt unna bråket frå hovudvegen. Me så gjorde, men fann ingen lang avstikkar. Me sykla innover ein gardsveg og kom til eit hus bak kyrkja som hadde ein del beite der me tenkte me kunne telta. Me banka på og spurde om lov. Men kona i huset meinte at det ikkje var det luraste, så me fekk telta i hagen deira i staden. "Me såg då snille ut", meinte dei.
Tilfeldigvis hadde eg på meg UiO-T-skjorte, og mannen spurde om eg hadde gått i Ungdom i Oppdrag i Skien. Han var nemleg prest i kyrkja og hadde samarbeidd ein del med UiO. Det viste seg til slutt at dottera i huset faktisk var tremenningen til ein av mine medstudentar i år!
Folka var elles utruleg venlege. Neste morgon fekk me kaffi på termos, dusj, druer og tips om reisa vidare. Alt fordi me traff ein erfaren syklist i Bamble? Tilfeldig? Tja...
Olav fekk litt vondt i kneet etter kvart, så me sykla til Kragerø neste dag før me tok bussen. Me trudde Risøya låg ved Risør, og tok buss til feil stad. Me skulle eigentleg til Tvedestrand, så etter mykje om og men kom me fram på Skjærgårds ti om kvelden. Dette var på tysdag, så det var allereie stappfullt på teltplassen. Me måtte nøya oss med konf-campen.
Oss og ein haug fjortisar frå Jæren. Hehe.
Elles har eg fått sansen for eit nytt band ved navn Olove, eg har diskutert den nye cd-en til Evig Poesi med det eine medlemmet, sett Stryper live, hengt med ex-framnesingar, og sete på heim med Ingebjørg Seim m/ vener. Ah - ferie!
tysdag, juli 11, 2006
Ferie! del 2
Lagt inn av
Hallvard
kl.
19:54
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentarer:
Hey hey! Eg e omtalt!!
Hei Hallvard. Takk for fin blogg. og takk for fin kommentar. Snakka med pappaen din i dag, om Cuba og Kviterussland. Eg e forresten komt heim att. E litt trøtt. God natt.
Legg inn en kommentar