To vekers mangfaldig ferie er over! For å oppsummera kort:
Eg og Olav sette i gang på jernhestane på veg mot Eidfjord, vidda og korøving i Larvik. På veg langs Eidfjorden og Sørfjorden fekk Olav eit tilbakefall av forkjøling, og sykkelen hans verka ikkje som han skulle. Me kom til den fyrste rasteplassen i sjølve Måbødalen før me slo leir = sova på kvarsin benk på eit sånt typisk rasteplassbord. De skjønar.
For å ta att det tapte, sto me opp klokka 4, åt og gjekk hardt mot hardt. Me kom oss opp til ca. 7, og fekk oss ein himmelsk frukost på ein gjesteheim på Liseth!
Denne delen av turen var nok den tyngste. Det var kaldt, det var ikkje sol, me steig stadig i terrenget og fann aldri ein kvilestad. Då me endeleg kom til Dyranut, var hytta stengd, så me sette oss i ei krå med nista vår og tok ein liten lur.
Då klårna det opp litt og humøret steig ein del, men formen ikkje så mykje. Me kom til Haugastøl og bestemte oss der for å ryngja til Monika og få bestilt togbillett til Kongsberg så me kunne sova der og halda fram neste dag. Takk!
Eg er forøvrig ganske stolt av at eg fann vegen frå Kongsberg Sentrum til Kjennerud berre med eit lite hint om retninga frå byen.
Neste dag skulle me berre ti mil, men me hadde motvind. På sykkel er dét ganske ille for det psykiske fordi det kjennest ut som om ein syklar mykje lenger enn ein faktisk gjer. Me kom oss til Vestfold, ein stad som heiter Styrvoll, der me ryngte til folket i Larvik og spurde om å verta henta.
Øvinga var vellukka! Me spela eit spel som heiter Munchkin, eit slags tullete rollespel der ein latterkrampe over sprøe faktum i spelet er uunngåeleg. Eit døme på eit Munchkin-kort er:
"Boil an anthill. Go up a level!"
Me hadde vitjing av domkantoren i Kristiansand, som hadde kurs med oss. Eg lærte to nye ord: glottis og quodleped.
På sundag hadde me så konsert i Stavern. Eg fekk Isabel frå Ecuador-teamet til å koma, og ho var ganske imponert! Diverre var ho nok den einaste under 30 i kyrkja...
Dette vert for langt. Eg trur eg får ta resten i eit anna innlegg. Men no er eg uansett heime og foreldra er vekkreiste, så eg må stort sett overleva sjølv i ei skinndaud bygd. Men det går bra, etter to vekers deilig avveksling.
måndag, juli 10, 2006
Ferie!
Lagt inn av
Hallvard
kl.
23:00
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentarer:
Beklagar!
Quodlebet, skal det sjølvsagt vera. Og for dei interesserte, tyder det å syngja fleire songar oppå kvarandre, som ein kan gjera med Bæ, bæ lille lam og Musevisa.
Glottis er mekanismen bak i strupen som ein nyttar til å stengja for luftstraumen. Hendig å nytta før eit ord viss ein vil framheva nett dette ordet i ein song.
Legg inn en kommentar